NRK Meny
Normal

Ministeren fekk kraftige åtvaringar på Høgre-årsmøte

Vågsøy Høgre rettar kraftige åtvaringar til fiskeriministeren mot å legge ned regionkontoret til Fiskeridirektoratet i Måløy.

Jan Lem, Vågsøy Høgre

KAMPKLAR: Jan Lem nytta fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre til å kjempe for Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre laurdag, gjekk lokallaget frå Vågsøy kraftig til rette med framlegget om å legge ned regionkontoret til Fiskeridirektoratet i Måløy.

I salen sat ho som skal ta den endelege avgjerda, partifelle og fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Kan bli flytta til Bergen

Regionkontoret med 22 statlege arbeidsplassar kan bli flytta til Bergen og erstatta med eit mindre fiskerikontor.

Direktoratet skal omorganisere og effektivisere. Eitt mogleg scenario inneber å gå frå sju til tre regionkontor. I så fall vil både kontoret i Måløy og kontoret i Egersund bli erstatta av eit nytt kontor i Hordaland.

Fiskeridirektoratet

NÆRVÆRE: Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy er i dag eitt av sju kontor. Kontoret driv mellom anna med kontrollverksemd langs kysten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Ei nedlegging av Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy vil bli oppfatta som om ikkje distrikta er fullt så viktige, tora Jan Lem på talarstolen på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

Fryktar valkampen for Høgre

Lem sa at fiskerinæringa alltid vil vere ei distriktsnæring. Han frykta veljarane på kysten vil snu ryggen til Høgre om partiet sviktar Måløy.

Kysten av Sogn og Fjordane er viktig, både i eit nærings og stemmesankingsperspektiv. Vågsøy er blant dei største Høgre- kommunane i Sogn og Fjordane.

Lem sa at Måløy har lært seg å leve med at fiskerinæringa svingar. Men ein vil ikkje forstå om regjeringa gjer ei styrt nedlegging av regionkontoret i Måløy.

– Dei signala vi får vil bli lagt merke til. Det vil kunne ha avgjerande betydning for valresultatet langs kysten av Sogn og Fjordane. Det må ministeren ta omsyn til. Kompetansen må bli verande i distrikta, sa Lem til applaus frå forsamlinga.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Elisabeth Aspaker på fylkesårsmøte i S. Fj.

UVISS LAGNAD: Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) seier ho ventar å ha fiskeridirektøren si innstilling på bordet innan utgangen av månaden. Før det, vil ikkje meine noko om kontoret i Måløy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Statsråden: – Handlar om best mogleg organisering

Elisabeth Aspaker, som dei siste dagane har møtt representantar for fiskeri- og havbruksnæringa, først i Gulen og deretter i Solund, seier ho no ventar på ei tilråding frå Fiskeridirektøren. Men var tydeleg på at det er behov for endringar i Fiskeridirektoratet.

– På fire tiår er havbruksnæringa blitt dobbelt så stor som fiskerinæringa. Nye oppgåver treng seg også på. Dette er røyndomen vi må halde oss til. Oppgåvene er i endring, då trengst det nye krav til kompetanse, seier statsråden.

Sogn og Fjordane produserer 109 000 tonn laks i året. Til ein verdi av 4 milliardar kroner sa Aspaker i hovudinnlegget sitt. Men trass i at ho skryt av fylket vil ho ikkje garantere for kontoret i Måløy.

– Kor mange regionar ein har treng uansett ikkje å bety at ein fysisk held til på færre stadar i landet. Dette handlar om organisere seg best mogleg. Vi må ha ei organisering som sikrar kompetansen og gode fagmiljø.

Dårlege saker i kø

Nedlegging av statlege arbeidsplassar frå fylket er i ferd med å bli ei kattepine for regjeringspartia lokalt. Politidistriktet skal til Bergen, Høgskulen kan bli samanslått, Skattekontor er truga, også Difi på Leikanger og Innovasjon Norge er under press.

Aspaker seier trass uvissa at regjeringa vil ha statlege jobbar i Sogn og Fjordane.

– Regjeringa er opptekne av at vi skal ha statlege arbeidsplassar i alle delar av landet. Kommunal- og moderninseringsdepartementet har eit overordna blikk på at dette skal følgjast opp i praksis. Eg er klar over kor viktig kontoret er, men eg er også klar over kva behov næringa har i framtida, sa Aspaker.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå