Hopp til innhold

Vil flytte regionkontoret frå Måløy

Fleire arbeidsplasser er i fare i Måløy når fiskeridirektøren skal leggje fram eit forslag til effektivisering av Fiskeridirektoratet.

Makrellfiskarar ved kai i Måløy

TRENG KONTROLLAR: Måløy kan miste statlege arbeidsplassar om Fiskeridirektoratet omorganiserer. Men dei vil uansett trenge ein god del arbeidsplassar på staden for å drive kontroll- og tilsynsaktivitet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg ventar litt engasjement rundt fordelinga av kontor på regionalt nivå. Men det er ingen grunn til å starte diskusjonen før fiskeridirektøren har gitt si innstilling til Fiskeridepartementet. Det er det forslaget som skal handsamast politisk, seier regiondirektør Vidar Ulriksen i region Vest.

Han har vore med i arbeidsgruppa som no har lagt fram eit forslag til korleis Fiskeridirektoratet skal sjå ut i framtida. Målet har vore å finne ei organisering som kan effektivisere og rasjonalisere direktoratet.

Gruppa har lagt fram to alternativ:

1. Tre regionkontor

Kuttar talet regionkontor frå dagens sju til tre i framtida. Inneber mellom anna samanslåing av regionkontora i vest og sør, med eitt nytt regionkontor i Bergen i staden for dagens regionkontor i Måløy og Egersund.

2. Fem regionkontor

Kuttar talet regionkontor frå sju til fem. Vil ikkje ha noko å seie for organiseringa i Sør-Norge, og regionane i vest og sør vil bli som i dag. Ingen konsekvensar for Måløy.

Dersom fiskeridirektøren går for alternativ éin, vil det altså bety at regionkontoret i Måløy er historie. Det vil derimot framleis vere eit fiskerikontor der.

Det jobbar i dag 21 personar ved kontoret. Ulriksen ser ifølgje Fjordenes Tidende for seg at det framleis vil vere 17-18 tilsette ved eit fiskerikontor i Måløy.

Må uansett ha folk til å drive kontrollar i Måløy

– Kor mange arbeidsplassar risikerer ein å miste i Måløy?

– I region Vest har vi eitt kontor i Måløy og i Bergen, og begge dei kontora vil bestå i ei framtidig organisering – uansett kva alternativ som blir valt. I utgangspunktet er det regiondirektør og to seksjonsleiarar som vil ha sitt arbeid i Bergen i større grad enn i dag, seier Ulriksen.

– Altså framleis tilsette i Måløy, men ei flytting av administrasjon?

– Ja, det er det som blir drøfta no. Det er sjølvsagt at Fiskeridirektoratet har tilsyn og kontroll med fiskeri- og havbruksnæringa, og då må vi også ha folk der denne næringa har aktivitet, seier Ulriksen.

Ordføraren er uroa over signala frå arbeidsgruppa

Ifølgje Fjordenes Tidende likar Vågsøy-ordførar Morten Hagen dårleg at kommunen kan miste fleire offentlege arbeidsplassar.

– Signala eg har fått frå departementet har vore klare på at dei eigentleg ikkje ser kvifor vi skal flytte regionkontoret frå Måløy til Bergen, seier han til avisa.

Arbeidsgruppa sine forslag er no ute til intern høyring blant tilsette fram til 15. februar. Deretter skal fiskeridirektøren ta stilling til saka, før ho sender vidare si innstilling til departementet.