Hopp til innhold

Meiner skulane hegnar om eigne elevar

Leiaren for Opplæringskontoret for transport og logistikk, Rune Apneseth, meiner skuledebatten er med på å hindre rekruttering. Han hevdar dei ikkje får vise seg fram på alle vidaregåande skular.

Køyresimulator

SIMULATOR: Denne køyresimulatoren skal vere eit verktøy for å vise fram transportyrket for ungdom.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– På dei aller fleste skulane vert vi tekne godt i mot, men vi har opplevd eit par vidaregåande skular som ikkje har ønskt å ha oss der, seier Apneseth.

Han vil ikkje ut med namnet på dei to skulane, og seier dei ikkje har gått i debatt med skulane.

– Er ikkje vi velkomne, så er ikkje vi velkomne.

Skuldar på skuledebatten

Køyresimulatoren er resultatet av eit millionspleiselag i transportnæringa. Simulatoren skal vere eit hovudverktøy for å vise fram transportyrket for ungdom. Når Opplæringskontoret ikkje har fått kome til ved to vidaregåande skular, trur Apneseth årsaka ligg i ein kamp om å halde på eigne elevar.

Den einaste mobile køyresimulatoren i Norge står i Førde

MILLIONINVESTERING: Køyresimulatoren kosta fleire millionar kroner og var eit spleiselag i transportnæringa då den vart kjøpt inn i 2012.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Eg trur det er skulestrukturen som framleis er ein diskusjon, der ein er opptekne av å halde elevane på sine skular for å sikre fulle klassar, heller enn at elevane reiser vekk.

Skulane skal ha døra open

Fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, har ikkje høyrt om situasjonen før NRK tek kontakt. Skaasheim seier ho vil ta saka opp med Opplæringskontoret, og følgje opp dei vidaregåande skulane.

– Døra mot arbeidsliv og næringsliv skal alltid vere open, frå skulane si side. Vi skal arbeide for ei brei orientering om dei vala som er mogleg å gjere, for alle ungdomane, uavhengig av kva skule dei går på, presiserer Skaasheim.

Bekka Skaasheim

OPEN DØR: Fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim seier alle skular skal ha open dør mot næringslivet.

Søkjartala til dei vidaregåande skulane for skuleåret 2015–2016 var overraskande låge. No kan det vere duka for ei ny omgang med strukturdebatt.

Stort behov for sjåførar

Gjennomsnittsalderen for sjåførar innan persontransport er over 55 år i Sogn og Fjordane. Også innan godstransport er snittalderen høg.

I fjor brukte Opplæringskontoret mellom 300.000 og 400.000 kroner på rekrutteringsarbeid, utan å lukkast.

Rune Apneseth

FØLTE SEG IKKJE VELKOMEN: Dagleg leiar Rune Apneseth hevdar Opplæringskontoret ikkje fekk besøkje to vidaregåande skular

Foto: NRK

– Vi er sjakk matt. Vi anar ikkje kva vi skal gripe fatt i for å rekruttere fleire til transportnæringa, seier Apneseth.

Tranport og logistikk har no så dårlege søkjartal at det er føreslege å gå frå tre til ein klasse i heile fylket.