Hopp til innhold

Fryktar for rekrutteringa til transport- og anleggsnæringa

Bygg- og anleggsnæringa og transportnæringa er skaka, og svært uroa for framtida.

Transport og anlegg

MANGLAR SØKARAR: Dramatisk nedgang i talet på søkarar til utdanningane innan transport og bygg og anlegg.

Foto: Tore Olsen/Geir Bjarte Hjetland / NRK

Årsaka er dei dramatisk låge søkjartala til linene på dei vidaregåande skulane. Og fleire klassar er føreslegne avvikla når fylkespolitikarane handsamar saka kommande onsdag.

– Eg vart nesten sjokkert, seier ein opprørt Nils Arne Ødegård, som er leiar ved Opplæringskontoret for bygg og anleggsteknikk.

Kjempeproblem

Nils Arne Ødegård

MANGLAR SØKARAR: Nils Arne Ødegård, er leiar ved Opplæringskontoret for bygg og anleggsteknikk.

Foto: Simon Solheim / NRK

Søkjartala til bygg og anlegg viser 101 søkjarar til 158 plassar, 1 % auke frå i fjor. Men det er langt frå nok.

– For oss er det eit kjempeproblem. Jobben vår er skaffe våre bedrifter og næringa framtidig arbeidskraft.

Forslaget politikarane skal ta stilling til komande onsdag er å redusere tal linjer på bygg og anlegg i Sogndal, Flora og Måløy. For ei næring med skrikande behov for meir folk er søkjartala nedslåande.

Stort behov

Stort betre stilt er ikkje transportnæringa; 16 søkjarar på 45 plassar. Linjer i Stryn og Sogndal er føreslegne kutta.

Per Andreas Øren

FRYKTAR FOR REKRUTTERINGA: Per Andreas Øren er lastebileigar og styreleiar ved Opplæringskontoret for transport og logistikk.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Dette er rett og slett katastrofalt for næringa seier Per Andreas Øren som er lastebileigar og styreleiar ved Opplæringskontoret for transport og logistikk.

Det er stort behov for framtidige sjåførar i yrket, og lærlingar har vi brukt for i transportbransjen. Dersom det blir berre ein klasse no, så høyrest det svært dramatisk ut.

Grensa for å starte ein klasse på yrkesfag er sett til 8. Ødegård meiner fleire klassar har 7 søkjarar og ber politikarane har is i magen og sette gong linjene. Samstundes vedgår har at bygge-næringa sjølv også har ein jobb å gjere.

– Heilt klart, dersom vi ikkje lukkast med å få søkarar og ungdommar inn til vidaregåande skule så må vi byrje å sjå på andre alternativ.