Hopp til innhold

Ny skuledebatt på trappene

Overraskande låge søkjartal til dei vidaregåande skulane har gjort arbeidet med å tilpasse tilbodet for neste år svært vanskeleg. No ventar ny debatt om skulestrukturen.

Sogndal vidaregåande skule

MOGLEGE KUTT: Sogndal vidaregåande skule har linjer som er føreslegne kutta ut frå hausten 2015.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Då søkjartala for dei vidaregåande skulane kom, måtte ein truleg lese dei både to og tre gonger for å forstå omfanget. 160 færre elevar enn forventa søkte om skuleplass til hausten. Det får konsekvensar.

– Vi har rett og slett for få søkjarar til å kunne fylle opp dei linjene vi hadde tenkt å tilby, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Ny skuledebatt til våren

Nedgangen i søknader er så stor og uventa at fylkeskommunen har sett i gong eit omfattande analysearbeid for å nær sagt «finne att» elevane. Dette er elevar som ikkje har søkt seg vidare til andre og tredje året på vidaregåande.

Bekka Skaasheim

VANSKELEG JOBB: Låge søkjartal gjorde jobben med å tilpasse tilbodet ekstra vanskeleg for fylkesdirektør for utdanning, Bekka Skaasheim.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Tvingar desse søkjartala fram ein ny runde med debatt om skulestrukturen?

– Ja, det vil det måtte gjere. Situasjonen i dag er mykje verre enn då vi vedtok skulebruksplanen på grunn av økonomien til fylkeskommunen, seier Norvall Nøringset som er leiar for opplæringsutvalet.

Norvall Nøringset

TØFF VÅR I VENTE: Onsdag skal Norvall Nøringset og resten av opplæringsutvalet avgjere kva tilbod dei vidaregåande skulane skal ha til hausten.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Søknaden til enkelte linjer vert av fylkesdirektøren omtala som dramatisk låge. Kva tilbod og linjer som er føreslegne kutta kan du lese her.

– Heile våren vil gå med til å diskutere skule og skuletilbod. Uansett om vi likar det eller ikkje, må vi stelle oss til dei pengane vi disponerer, seier Nøringset.

Mange omsyn å ta

Nøringset seier omsynet til elevane er det viktigaste. Alle har rett på eit tilbod, men politikarane har mange andre omsyn å ta også.

– Vi er nøydde til å sjå på kva næringslivet i fylket har bruk for av arbeidskraft og lærarane skal bli behandla på ein skikkeleg måte. Alt dette kostar pengar, seier Nøringset.

Fleire bransjar er skaka over låge søkjartal. Både bygg- og anleggsbransjen og transportbransjen er uroa over framtida.

Kvar tok elevane vegen?

Skaasheim seier elevar kan ta teke eit friår, dei kan ha begynt på folkehøgskule, teke eit år i utlandet eller vere i arbeid. Ho og kollegaene jobbar med å kartleggje kva dei 160 held på med.

– Vi lurer no litt på kvar elevane vart av, seier hovudtillitsvald Rune Hovland i Utdanningsforbundet.

Også han vart overraska over dei låge søkjartala. I fjor vart 70 tilsette på dei vidaregåande skulane råka av ned- og omlegging.

– Når politikarane har avgjort kva tilbodet vert, veit vi meir om dette vil råke lærarane. Det kan vere at det går bra, men vi har merka oss nedgangen innan bygg og anlegg og innan transport og logistikk, seier Hovland.