Hopp til innhold

Håpar å lokke ungdom til sjåføryrket med ein tur i simulator

Transportbransjen er i ferd med å bli forgubba. No håpar næringa at dei skal klare å lokke dei unge inn i yrket med ei nyvinning – det skal dei gjere med ei maskin som kan gje elevane ein forsmak på det som ventar.

Transportnæringa slit med å rekruttere unga sjåførar. I Sogn og Fjordane er håpet at ei millionmaskin skal freiste dei unge inn i yrket. I ein køyresimulator kan elevar frå både ungdomsskulen og den vidaregåande skulen få seg ein prøvetur i alt slags vêr.

BLI MED INN I SIMULATOREN: Ein prøvetur i ein lastebil eller buss skal lokke unge til å bli sjåførar. Det håpar iallfall opplæringskontoret for transportfag som har kjøpt inn ein køyresimulator til fleire millionar kroner.

Utanpå ser det ut som ein ganske så vanleg lastebilhengar, men går du opp trappa og inn kjem du til det som kanskje er draumeleiketøyet for dei som lev og andar for transportyrket.

Her inni finn du det som ser ut, og som er utstyrt som eit ekte førarhus på ein lastebil. Dette er den første mobile køyresimulatoren i Norge, og no er den våpenet i kampen om sjåførane.

For sjølv om det også i dag finst mange unge sjåførar på både buss og lastebil, så er det ikkje mange nok.

– Behovet for unge sjåførar er enormt. Slik det er i dag greier vi ikkje å skaffe nok norske sjåførar, seier Rune Apneseth som er leiar ved Opplæringskontoret for transport og terminalfag i Sogn og Fjordane.

Håpar å doble rekrutteringa

Den topp moderne simulatoren som no er på plass i Førde er resultatet av eit millionspleiselag frå transportnæringa. Lastebilhengaren som rommar simulatoren er den einaste av sitt slag i Norge og kan flyttast akkurat dit ein skulle ønskje.

No er håpet at elevar frå heile fylket skal bli freista til å bli sjåførar etter ein prøvetur i den svært så realistiske simulatoren.

– Vi håpar at vi skal kunne klare å doble rekrutteringa med denne simulatoren, seier Apneseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svein Rune Borren Hukset møter på ein elg når han testar ut køyresimulatoren

MØTER ELGEN: Svein Rune Borren Hukset får prøve seg på skikkeleg vinterføre når han testar ut køyresimulatoren. Der møter han også på ein elg som han må bremse opp for.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Regn, snø, vind, tåke og elg

Då NRK er på besøk i det nyinnkjøpte vidunderet er Svein Rune Borren Hukset der for å ta ein liten testtur. Borren Hukset går sjølv på transport og logistikkfag og vil i framtida leve av å vere sjåfør.

Med nokre tasttrykk frå kontrollrommet kan Rune Apneseth bestemme kva føreforhold Borren Hukset skal få prøve seg på.

Sommar, vinter, vår eller haust, snø, sol eller vind i orkan styrke. Ein elg kan kome springande ut i vegen, eller du kan møte ein annan lastebil på ein smal veg. Alternativa er mange, og det kjennest heilt realistisk ut.

– Går det bra, no vart det glatt for deg? spør Apneseth frå kontrollrommet etter at han har sett eleven på ei prøve.

– No er det glatt, så her kjem eg siglande, kan eleven melde tilbake frå førarhuset.

Skal reise rundt på skulane

Apneseth håpar og trur at investeringane skal betale seg, i form av fleire unge som vel sjåføryrket.

– Vi har ikkje gjort ein god nok jobb med rekruttering tidlegare, og no håpar vi at vi skal klare det betre med denne simulatoren, seier han.

Planen er at opplæringskontoret skal reise rundt på både vidaregåande skular og ungdomsskular for å gje elevane eit innblikk i jobben som sjåfør.

– Det er rimeleg realistisk når du sit inne i bilen, det kjennest ut som du køyrer eit vanleg køyrety.

– Vi kan lage den om til buss, semitrailer eller vogntog, alt etter som, seier Apneseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Den einaste mobile køyresimulatoren i Norge står i Førde

EINASTE I SITT SLAG: Den mobile køyresimulatoren i Norge står i Førde. Det finst nokre stasjonære simulatorar, men denne er den einaste som lett kan flyttast rundt akkurat der eigarane vil ha den.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Meiner rekrutteringa må skje via skulen

Han har sjølv vore langtransportsjåfør i mange år, og kjenner yrket og bransjen godt. Både bussnæringa og godsnæringa slit med å få nok unge sjåførar, og Apneseth trur det er tvingande nødvendig at ein når fram til dei komande sjåførane medan dei går i skulen.

– Tidlegare var det til dømes mange bønder som hadde ein jobb som bussjåfør på sida, men no er det blitt veldig kostbart å skulle ta førarkort for buss og lastebil privat.

– Skal ein klare å rekruttere folk inn i dette yrket, så må det gjerast gjennom skulesystemet, seier han.

Svein Rune Borren Hukset har allereie bestemt seg for å bli sjåfør. Han er full av lovord om den nye maskina.

– Det kjennest jo ut som det er ekte, så det er veldig tøft, seier han.

Køyresimulator

FØLGJER MED: Opplæringskonsulentane kan følgje med på korleis eleven køyrer via fleire skjermar i kontrollrommet. Her er ein av dei.

Foto: Torje Bjellaas / NRK