Hopp til innhold

Meiner det er unaturleg å gje Sogn og Fjordane mange funksjonar

Det er ikkje gitt kva for funksjonar Sogn og Fjordane får behalde når det skal forhandlast på nytt om ein mindre vestlandsregion. Politikarar i Hordaland vil skrote den opphavlege intensjonsavtalen.

Mona Røsvik Strømme

Det er langt frå Bergen til Leikanger i Sogn, meiner Mona Røsvik Strømme, gruppeleiar for Høgre i Hordaland fylkesting. Ho meiner det er unaturleg å leggje mange funksjonar til bygda i Sogn.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

– Vi må byrje heilt på nytt og vi må sjå på styrkeforholdet mellom dei to fylka. Hordaland har godt over 500 000 innbyggjarar. Sogn og Fjordane har om lag 110 000, seier Mona Røsvik Strømme, gruppeleiar for Høgre i Hordaland fylkesting.

I intensjonsavtalen mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane låg det inne at Bergen skulle ha sentraladministrasjonen, fylkesrådmannen og den politiske leiinga. Stavanger skulle ha næring, opplæring, kollektivtransport og idrett.

Leikanger i Sogn skulle få veg, kultur og fylkesmannen. I midten av januar blir forhandlingane om å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland tekne opp igjen.

Langt til Leikanger

Strømme vil starte heilt på nytt og meiner det ikkje vil vere naturleg at administrasjonssenteret Leikanger i Sogn og Fjordane får tildelt mange funksjonar.

– Leikanger er langt vekke.

Kva meiner du med det?

– Vi må sjå på det praktiske, at det må bli forenkling og lett for innbyggarane å få tilgang til dei ulike etatane.

Ho legg til at saka så langt ikkje er diskutert internt i Hordaland og at ho her kjem med sine eigne tankar.

Leikanger er langt vekke.

Mona Røsvik Strømme

Senterpartiet kritisk

Sigurd Reksnes, fylkesleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane og gruppeleiar i fylkestinget for partiet, stiller seg undrande til utspelet frå Strømme.

Sigurd Reksnes

Gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane fylkesting, Sigurd Reksnes, meiner det er opplagt at fleire viktige funksjonar i eit nytt og større fylke må leggjast til Sogn og Fjordane.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Eg synest det er dumt at Røsvik Strømme kjem med denne type utspel. Skal ein lukkast med forhandlingar, må ein gå inn med ei haldning om at ein ønskjer den andre part vel, seier han.

Eg synest det er dumt at Mona Røsvik Strømme kjem med denne type utspel.

Sigurd Reksnes

Hordaland har over godt 500.000 innbyggarar medan Sogn og Fjordane har om lag 110.000. Er det ikkje i ein slik situasjon forståeleg at Hordaland stiller krav om at det meste må til Bergen?

– Det er fullt mogleg å forstå at dei meiner det, men dette kan sjåast på mange måtar, seier Reksnes og set sin lit til at forhandlingsutvalet landar eit resultat som er godt for Sogn og Fjordane.

Viser til Stortinget

Også Siri Klokkerstuen, ordførar i Etne og fylkestingsmedlem for Arbeidarpartiet i Hordaland, meiner vi må ha respekt for at Bergen er det viktigaste senteret.

– Vi må ha respekt for at det er Bergen som er byen og at Bergen må ha dei viktigaste og største funksjonane. Samtidig skal vi vere rause og fordele det litt utover.

Vi må ha litt respekt for at det er Bergen som er byen og at Bergen må ha dei viktigaste og største funksjonane.

Siri Klokkerstuen
Siri Klokkerstuen

Fylkestingsrepresentant Siri Klokkerstuen (Ap) i Hordaland meiner Sogn og Fjordane må ha respekt for at det er Bergen som er byen og at dei fleste og viktigaste funksjonane i eit nytt og større fylke må leggjast dit.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg har framleis tru på at det kan bli ein vestlandsregion, men aksepterer at nett no tek regionprosessen ei anna dreiing. Eg har ikkje støtta gruppeleiar i Høgre, Mona Røsvik Strømme, i hennar utspel. Eg har ei rausare tilnærming enn Høgre, seier Klokkerstuen.

Røsvik Strømme ymtar frampå om at Stortinget vil gripe inn dersom mange funksjonar blir lagde til Sogn og Fjordane og fylkesadministrasjonen på Leikanger.

– Det må vere ei fornuftig praktisk inndeling av funksjonar i regionen. Det trur eg også politikarane på Stortinget ser, dei som til sjuande og sist skal bestemme dette.