Hopp til innhold

Gjev ikkje opp Vestlandsregionen

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, trur framleis på eit nytt storfylke, trass i at Rogaland seier nei til Vestlandsregionen.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap)

AVGJERSLE ONSDAG: Fylkestinget i Hordaland skal kome med si avgjersle onsdag, og fylkesordførar Anne Gine Hestetun er trygg på eit breitt vedtak.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Rogaland fylkeskommune sa tysdag nei til ei samanslåing av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

I forslaget som blei samrøystes vedtatt, står det at Rogaland skal bestå som eige fylke, men dersom regionane blir tilført nye oppgåver, vil ein vurdere å samarbeide med Hordaland.

– Det er klart eg skulle ønskje at Rogaland gjekk inn for intensjonsavtalen, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

Ho er likevel trygg på eit breitt ja når fylkestinget i Hordaland skal gjere sitt vedtak på onsdag.

– Ein må hugse at dette er første del av prosessen. Vi har gjort mykje grunnlagsarbeid som no skal takast vidare. Regjeringa og Stortinget har eit godt utgangspunkt for å fatte vedtak som kan byggje ein sterk Vestlandsregion, seier Hestetun.

Optimist

Ho meiner det er eit paradoks at det er regjeringa sine eigne parti og Venstre som stemte mot samanslåinga i Rogaland.

– Eg er likevel optimist. Topp-politikarane i dei tre fylka har i forhandlingar velsigna denne planen samrøystes, så eg trur me har fleire sjansar framover, seier Hestetun.

Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Egge Tengesdal

SAMAN: Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Egge Tengesdal har lenge arbeida med intensjonsavtalen mellom dei tre fylka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesordførar Sogn og Fjordane, Jenny Følling, seier vedtaket i Rogaland betyr at avtalen mellom dei tre fylka ikkje gjeld lenger.

– Det betyr at intensjonsplanen vi har forhandla fram mellom dei tre fylka ikkje kan gjennomførast. Vi tar sjølvsagt vedtaket i Rogaland til etterretning, seier Følling.

Ho vil no føre samtale vidare med Hordaland, eventuelt med Møre og Romsdal.

– Heldt oss til «plan A»

– Det kjem no frieri frå fylke både frå nord og sør. Kjem de til å halda dykk til Sogn og Fjordane, eller kan det kome nye forslag på bordet?

– Det er klart at i slike prosessar kan det skje ting over natta, men er det ein ting eg er heilt sikker på så er det at det kjem til å bli eit breitt vedtak i Hordaland omkring intensjonsavtalen som ligg i bordet. Eg vil ikkje spekulere i andre løysingar no, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

Òg fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, synest det er trist at Rogaland seier nei til Vestlandsregionen.

– Det er eit nederlag at vi ikkje har klart å formidle kva ein større region enn Rogaland kan komme til å bety. Det er ein prosess som langt på veg har vore prega av tru og tvil og det syns eg er trist, seier Tengesdal.

Dette betyr likevel ikkje at situasjonen er avklart.

– No treng vi ei avklaring frå Stortinget si side. Ein må få tydelegare fram kva oppgåver ein har tenkt å flytte til eit regionalt nivå. Så er det opp til Rogaland fylkesting i neste omgang å gjere vedtak basert på det som blir gjort av endringar frå Stortinget si side, seier Tengesdal.

Kart over vestlandsregionen

REGIONDRAUM: Rogaland vil ikkje vere med på at dei tre vestlandsfylka skal slå seg saman.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK