Hopp til innhold

Måtte hente ekstraferje frå nabofylket - håpar på vanlege avgangar i løpet av dagen

Fjord1 måtte i går kveld hente ei ferje frå Møre og Romsdal for å avhjelpe ferjesituasjonen i Askvoll. Ferja kjem i rute i løpet av dagen. I mellomtida går ein hurtigbåt med plass til bilar i sambandet.

Ferja til Værlandet

PÅ PLASS: Ekstraferja frå Møre og Romsdal er på plass i Askvoll, og tek til i ruta mellom Askvoll og Værlandet så raskt som råd laurdag.

Foto: NRK

– No går det ein hurtigbåt i sambandet etter den oppsette rutetabellen som ferja pleier å gå i. Denne båten tek seks-sju personbilar, i tillegg til passasjerar, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Dermed klarar båten å ta med nokre bilar på kvar tur, noko Fjord1 håpar vil løyse på utfordringane for folk i området.

Problema var fredag store for folk på øyane utanfor Askvoll etter at Fjord1 torsdag måtte flytte ei ferje frå strekninga til Måløy-Oldeide.

Ferja M/F Vågsøy i Måløy har slite med ein elektronisk feil fleire gonger denne veka, og torsdag såg ikkje Fjord1 anna råd enn å leggje ferja til kai.

Men dette skapte raskt krøll for trafikken i Måløy-området sidan Skatestraumtunnelen framleis er stengd etter eksplosjonen i den undersjøiske tunnelen i juli.

Dermed vart løysinga å flytte den eine ferja i Askvoll for å lette på transporten i Måløy.

Men spesielt for dei som hadde behov for å komme seg til og frå Bulandet og Værlandet vart dagen i går vanskeleg, då strekninga berre vart trafikkert av ein hurtigbåt for personar.

Letta då dei fekk unna næringstrafikken

I går ettermiddag og kveld gjekk ferja to rundturar innom Værlandet for å ta unna noko av trafikken som stod og venta.

Ei ferje vart i går kveld sendt frå Møre og Romsdal, og klappa til kai i Askvoll i natt.

– Det tek nokre timar, men i løpet av dagen skal denne ferja gå inn i ruta slik at folk i Askvoll får eit fullverdig ferjetilbod, seier Kristoffersen.

Fjord1 har fått mange tilbakemeldingar frå fortvilte reisande.

Tor Kristoffersen.

TUNG VEKE: - Hendingane denne veka kunne vi godt klart oss utan, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Spesielt tidleg på dagen fredag var det mykje. Men etter kvart som hurtigbåten fekk etablert seg, og vi fekk teke nokre ekstraturar til Værlandet slik at næringstrafikken kom seg i land, roa det seg litt, seier Kristoffersen.

Kunne godt vore utan denne veka

Han legg ikkje skjul på at det har vore ei krevjande veke, der Fjord1 rett og slett gjekk tom for ekstramateriell.

– Med det talet ferjer vi har, skjer det dessverre av og til at det hopar seg opp med eit par uhell som kjem tett. Men slik er det, og då må vi takle det på best mogleg vis. Men vi kunne godt vore desse dagane forutan, seier Kristoffersen.

Det vert jobba på spreng i helga for å finne feilen på ferja mellom Oldeide-Måløy, som på mange måtar er opphavet til problema i Askvoll. Førebels er det uvisst kor lang tid dette kan ta.

– Det kan løyse seg fort, men det veit vi ikkje. No tek vi grep for å unngå å ha eit dårleg tilbod til dei reisande over tid, seier Kristoffersen.