Hopp til innhold

Måtte betale 125.000 for å gje vekk saft til gode formål

Då Lerum gav vekk 22.000 liter hushaldningssaft til gode formål, måtte dei betale 125.000 kroner pluss moms i avgift til staten.

Trine Lerum Hjellhaug

DYR DRIKKE: Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, er alt anna enn nøgd med regjeringa sin avgiftspolitikk. Men ho nektar å kaste fullt brukande saft for å spare pengar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er stort fokus på matsvinn om dagen og i går kunne NRK fortelje at 25.000 liter med leskedrikk og saft blir helt ut – kvar dag.

På Kaupanger i Sogndal styrer Trine Lerum Hjellhaug ein av landets største produsentar av saft og ho nektar å vere med på å tømme ut drikkande produkt.

Billegare å tømme ut

– I Lerum har vi høgt fokus på matsvinn. Så det vi har tømt ut utgjer berre 0,1 prosent av det vi skal lage av saft i år. Hittil i år utgjer det 15.000 liter saft som var gått ut på dato., seier Lerum til NRK.

Men i sommar opplevde dei at det kostar å la vere å gjere saft til avfall. Dei hadde mykje hushaldningssaft med god dato til overs og gav det vekk til veldedige organisasjonar og idrett. Det er ikkje billig å gje vekk 22.000 liter hushaldningssaft.

– Produkta var like gode og vi bestemte oss for å gje det vekk. Det har faktisk kosta oss 125.000 pluss moms i avgifter. Det hadde vore langt billegare for oss å tømme det ut enn å gje det vekk, fortel Lerum.

Betalar millionar i avgift

Lerum-sjefen har lenge vore ein av dei største kritikarane av regjeringa sin avgiftspolitikk knytt til matindustrien. Den omstridde sukkeravgifta har kosta dei flesk.

– Berre i sukkeravgift skal vi betale 70 millionar kroner i 2019. Det er lite verdiskapande i forhold til å utvikle bedrifta vidare, meiner direktøren.

Først etter at NRK sette fokus på svinnet i leskedrikkproduksjonen, kom regjeringa på bana. No varslar regjeringa endringar.

– Vi kan ikkje ha det slik at produsentar og importørar skal kaste varer framfor å gje dei til eit godt formål, sa finansminister Siv Jensen (Frp) til NTB.

Nektar å kaste god saft

Trine Lerum Hjellhaug tykkjer at regjeringa kjem lovleg seint på bana.

– Vi har snakka om dette lenge, men først når NRK kjem på bana skjer det noko politisk. Det seier litt om kor håplaust dette avgiftsregimet har vore og er.

For Lerum Hjellhaug og hennar tilsette er det ikkje noko alternativ å kaste brukande saft.

– Det er ikkje bra at vi kastar mat som går an å ete og drikke. Vi har tatt eit val om at vi ønskjer å bidra til dei som treng det.