Hopp til innhold

Manglar fleire hundre stolar til seriestart

FLORØ (NRK): Mykje skal på plass før Florø Fotball kan sparke i gong sin første heimekamp i 1. divisjon.

Florø stadion

LYT SITTE PÅ BETONG: 300 av 1370 sitteplassar manglar til serieopninga mot Jerv på Florø stadion. Klubben vil gjere sitt for at publikum likevel skal få ei god oppleving.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

– Vi har fjerna gamle stolar. Desse er knekt og har mykje rust på seg. Vi skulle få opp nye til seriestart, men desse er forseinka, seier Arild Melvær, som er styreleiar i Florø Fotball.

Av 1370 sitteplassar manglar no klubben frå kystbyen 300 seter til seriestarten mot Jerv.

– Får folk sitteunderlag, så vil det gå greitt. Problemet er at det ikkje er like komfortabelt som eit sete, seier Melvær.

Det var i fjor haust Florø tok steget opp i 1. divisjon. Mykje må vere klart til første kamp.

Flora kommune eig Florø stadion og er i full gang med oppgraderingar, men det vil ta noko tid før publikum kan heie fram laget frå flunkande nye seter.

– Stolane var i veldig dårleg stand, så desse fjerna vi av sikkerheit. Vi håper at stolane skal vere her til mai, seier Margit Drivenes Kløvfjell, som er kultur- og idrettskonsulent i Flora kommune.

Florø stadion

FÅ DAGAR ATT: Mykje skal på plass til Florø sin første seriekamp i 1. divisjon.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Langt steg over i det profesjonelle

Frå å vere ein klubb med lågt budsjett og høg dugnadsånd, tok Florø vegen inn i det profesjonelle fotballivet. Klubben må oppfylle strenge krav frå Norges fotballforbund (NFF) knytt til lag i 1. divisjon og Eliteserien.

– Det er jo litt overdrevent i forhold til korleis vi dreiv før, men vi har vore mentalt førebudd på dette sidan vi leia vår avdeling tilbake i 2014, seier Melvær.

Arild Melvær

KLAR TIL KAMP: Arild Melvær, styreleiar i Florø Fotball, håper på ein utseld seriestart ved Florø stadion.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Vertskapet må no sørge for at både sikkerheit og infrastruktur er på plass. Det byr på utfordringar på enkelte område. Alt frå VIP-område, eige rom for dopingkontroll og plass til 15 skrivande journalistar, er på NFF si liste over krav.

– Den største utfordringa gjeld nok TV-tårn og medietrykk, seier Melvær.

Norges fotballforbund seier at alle reglane for infrastruktur er viktig for alle som skal opphalde seg på Florø stadion.

– Dette er no ein arbeidsstad for ei rekkje menneske som har krav på trygge og gode arbeidsforhold. Publikum skal ha same oppleving, seier anleggssjef i forbundet, Ole Myrvoll.

Budsjettert med 1000 tilskodarar

Florø Fotball har budsjettert med 1000 selde billettar for kvar kamp. Håpet er at ny divisjon skal bringe med seg fleire tilskodarar.

– I fjor var snittet på 880 tilskodarar, så vi håper, og trur det skal komme fleire i år, seier Melvær.

For Florø Fotball har det vore hektisk sidan opprykket var klart.

– Vi har vore på jakt etter pengar og fleire frivillige, samt tilsett ein dagleg leiar. Vi var ein gjeng med glade amatørar som no er profesjonelle. Der blir nok fleire utfordringar, men dette skal vi komme godt i mål med, seier Melvær.