Hopp til innhold

– Ikkje skyt opp naudrakettar om du ikkje må

Hovudredningssentralen åtvarar på det sterkaste mot misbruk av naudrakettar på nyttårsaftan.

Nødraketter

VED MIDNATT: Dette er for mange eit kjent syn ved overgangen til det nye året.

Foto: Tor Andre Johannessen

– Sender du opp desse utan å vere i naud, så set du andre sitt liv i fare. Gjer du dette på ein dag der det er mange som gjer det for tull og tøys, så roper du ulv, ulv, seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola, Edvard Middelthon.

Redningsleiaren har sjølv kjent på kroppen korleis det er å måtte prioritere ressursar etter melding om naudsignal som var falske.

Problemet oppstår når vi har ein ressurs og to hendingar. Det kan vere at det går liv tapt når vi må gjere søk etter eit falskt naudsignal, fordi det er ressursar som skulle blitt brukt ein annan stad, seier Middelthon.

Spesielt langs kysten er det mange som sender av garde ein naudrakettar for å markere overgangen til det nye året. Du ser den som ei knallraud eldkule på himmelen. Sakte dalar den ned den mørke desemberhimmelen.

– Det er korttenkt. Folk har ikkje respekt for at dette er eit naudsignal. Det er ulovleg å bruke om ein ikkje er i naud, seier Middelthon.

– Du bør ikkje vere i naud på nyttårsaftan

Redningssentralen ser alvorleg på at mange sender opp naudrakettar som ein del av nyttårsfeiringa. Dei fryktar for konsekvensane.

– Nåde den som er i naud på nyttårsaftan. Det verste er at eit reelt naudsignal kan bli ignorert. Vi kan ikkje reagere på alle som blir sendt opp, seier Middelthon.

Ofte heng raude lys som perler på ei snor på himmelen ved midnatt.

– Vi syns det er trist. Det er rett og slett ikkje lov. Vi håper folk tenker seg om ein ekstra gong, seier Middelthon.

Brukar du naudrakett utan å vere i naud kan du bli straffa etter brann- og eksplosjonslova. Det kan bety bøter eller fengselsstraff på inntil tre månader. Viss du med vilje set i gang ein falsk redningsaksjon, så kan du bli straffa.

Laster Twitter-innhold

Kan utgjere ein brannrisiko

Seinast i 2015 måtte fleire personar bli evakuerte etter at ein naudbluss truleg starta ein brann i Møre og Romsdal.

– Ute til havs utgjer ikkje naudrakettane noko brannfare, men inne på land kan ein sånn rakett sette fyr på det meste i terrenget, seier Middelthon.

Hovudredningssentralen åtvarar samstundes mot bruk av kinesiske lykter.

– Det burde ikkje vore lov å selje sånne lykter utan grundig bakgrunnsinformasjon. Dette er flygande bål som lett kan bli forveksla med naudbluss.

Meld frå til ditt lokale brannvesen, politi eller hovudredningssentralen om du skal sende opp noko kinesiske lykter.