Hopp til innhold

Kunstgras skulle vere genialt for bygda - no er dei éin av eit 30-tals klubbar med problem

NAUSTDAL (NRK.no): Seks år etter at dei fekk på plass det etterlengta kunstgraset, er eldsjelene i ferd med å gi opp kampen om å få orden på problema sine. Det er dei ikkje åleine om.

Oddvar Hukset (t.v.) og Bjørn Hundershagen studerer kunstgraset

FRUSTRERTE: Oddvar Hukset (t.v.) og Bjørn Hundershagen studerer kunstgraset i Naustdal. No er dei i ferd med å gi opp kampen om reklamasjon etter fleire års jobb.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er kjedeleg. Dette er dugnadsbasert, og vi har brukt mykje tid - så det er rett og slett frustrerande, seier Oddvar Hukset.

Anleggsleiaren ser utover det nye anlegget midt i Sunnfjord. Her er det splitter nye løpebaner for friidrett, ballbinge - og ei fullskala fotballbane med kunstgras.

Kunstgraset kom på plass i 2008, i det som var første fase av prosjektet. Då var det stor glede i bygda. Seks år seinare er gleden erstatta med frustrasjon over det leiarane meiner er dårleg kvalitet på banedekket.

– Vi vart førespegla at vi skulle få ein lenger sesong, så lenge det ikkje kom snø på bana, for kunstgraset skulle vere frostfritt. No viser det seg at bana blir hard berre det blir null grader. Og når det ligg rim her, så blir det glatt - og bana blir nesten hard som betong, seier fotball-leiar Bjørn Hundershagen.

Graset losnar eller legg seg flatt

Ole Myhrvold

MANGE SAKER: Anleggssjef Ole Myhrvold i NFF

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I Norges Fotballforbund opplever anleggssjef Ole Myhrvold at stadig fleire idrettslag kjem opp i liknande problemstillingar som i Naustdal.

– Det viser seg at nokre av leverandørane, og spesielt eit par av dei, har levert produkt som ikkje held mål dei siste åra. Mange klubbar har komme til oss og klaga på at dei har dårleg kvalitet på kunstgraset, seier Myhrvold.

Han viser til at han har eit 30-tals klagesaker frå heile landet, der han no jobbar med å hjelpe klubbane. I mange av desse er det snakk om reklamasjonar - og det er ofte advokatmat.

Stort sett går sakene på at fiber losnar frå graset og etterlet seg heile felt utan kunstgras. Det er også saker der graset blit liggjande flatt etter berre eit års bruk av banene. Sakene har til felles at det går utover kvaliteten på banene og dermed kvalitet på trening og kamp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddvar Hukset (t.v.) og Bjørn Hundershagen på stadion i Naustdal

FLOTT ANLEGG: Oddvar Hukset (t.v.) og Bjørn Hundershagen på stadion i Naustdal, der idrettslaget Tambarskjelvar saman med kommunen la nytt kunstgras i 2008.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Er svært, svært beklageleg

Berre i Sogn og Fjordane er seks klubbar involverte i saker der det er snakk om reklamasjon. Sogndal har problem med undervarmen på Fosshaugane, noko også Førde har problem med på sin nye idrettspark.

Sakene omfattar også kunstgrasbaner i Jølster, Stryn og på Kaupanger, i tillegg til bana i Naustdal.

– Eg synest det er svært, svært beklageleg. Vi har det siste året jobba aktivt for å finne ut korleis vi skal få leverandørane til å levere betre kvalitet, og korleis vi skal få informert klubbane om rettane og pliktane dei har i høve reklamasjon, seier Myhrvold.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kunstgras skulle gjera det lettare å spela fotball heile året. Men ei rekke idrettslag opplever no problem etter millioninversteringar i kunstgrasbanar. I Naustdal er idrettslaget i ferd med å gje opp, etter seks år med frustrasjon.

SJå TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter: Vidar Gudvangen. Foto: Tveit/Storvik. Redigering: Heidi Lise Bakke.

Ein vanskeleg situasjon for idrettslaga

Ifølgje Myhrvold har talet klagesaker auka monaleg dei siste åra. For medan ein gjennom 90-talet og fram til 2007 hadde få problem, har situasjonen blitt ein annan dei siste åra.

– Dei siste fire-fem åra ser vi at kunstgrasmarknaden har blitt tøffare, og at prisen har gått litt ned. Ute i Europa merkar ein dei økonomiske tidene på at det blir selt mindre kunstgras, firma får mindre å rutte med, og det gjer at dei tyner kvaliteten. Kvaliteten frå einskilde leverandørar dei siste åra er nok dårlegare enn det vi såg for seks-sju år sidan, seier anleggssjefen.

– Er klubbane for naive når dei kjøper kunstgras?

– Det er ikkje så greitt for ein klubb, heller. Det er ofte frivillige og valde personar som sit i styre og stell i korte periodar, som tek avgjerder. Då er det ikkje så lett å vite kva rettar og pliktar ein har. Det er heller ikkje så lett å vite over tid korleis kunstgras skal utvikle seg når det blir brukt.

– Når det gjeld kommunane, burde dei nok vere meir vakne når det gjeld reklamasjonar. Dei burde kanskje også ha fagfolk som kan sjå dette tidlegare, seier Myhrvold.

No kjem det strengare krav til bransjen

NRK.no har vore i kontakt med folk i bransjen, som ikkje vil la seg intervjue i saka. Men det blir stadfesta at einskilde leverandørar let økonomisk vinning gå utover kvaliteten på det dei leverer. I fleire av reklamasjonssakene er det uklart kven som sit med ansvaret til sjuande og sist.

No jobbar fotballforbundet med ein publikasjon, der dei i klartekst vil informere idrettslag om kva rettar og pliktar ein har, og kva ein skal tenkje på, når ein kjøper kunstgras.

Det vil også bli stilt nye og langt strengare krav til leveranse av kunstgras i Norge.

– Vi har jo aldri laga kunstgrasbane før, så for oss var heile prosessen ny. Når ein då blir presentert for slike løysingar, er det lett å ta det for god fisk, seier Oddvar Hukset i Naustdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddvar Hukset viser innfyllingssand i kunstgras

SAND I MASKINERIET: Slik ser den såkalla innfyllingssanda ut. Den skulle vere impregnert og frostfri, slik at spelarane i Naustdal kunne nytta bana heile året. Slik gjekk det ikkje.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Er i ferd med å gi opp saka

Saman med Bjørn Hundershagen har Hukset jobba mange timar for å løyse problemet med det knallharde underlaget på kunstgrasbana.

– Bana oppfører seg ikkje noko særleg sjølv om vi sloddar og held ved like slik vi skal. Graset legg seg ned, og innfyllingssanda held ikkje graset oppe godt nok, seier Hundershagen.

– Vi har sett ein del unge ned i 12-14-årsalderen som har fått belastingsskader i hælen, legg han til.

– Kva gjer de no for å løyse problemet?

– Vi har fått beskjed frå advokaten til leverandøren om at vi har reklamert for seint. Så vi har stranda litt der. Det står litt i stampe, vedgår Hundershagen.

– Er de i ferd med å gi litt opp?

– Ja, kanskje når det gjeld reklamasjon. Men vi håpar på hjelp frå forbundet for å komme vidare. Vi veit det er andre anlegg, der dei ikkje har fått det dei trudde dei skulle få.

LES OGSÅ: Får brannsår av det nye dekket