Hopp til innhold

Får brannsår av det nye dekket

Mange av spelarane har fått brannsår etter at Sogndal la kunstgras på Fosshaugane. No skal leverandøren erstatte dei grøne gummikulene med ein ny type.

Kunstgras på Fosshaugane

BRANNSÅR: Fleire av spelarane har fått brannsår etter at Sogndal la nytt kunstgras.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Overfor avisa Firda stadfestar dagleg leiar Egil B. Mundal at det nye kunstgraset har gitt problem for fleire av spelarane i klubben.

– Først trudde vi at dette ville betre seg berre vi fekk vatna bana godt, slik at friksjonen vart mindre. Vi håpa også at gummigranulatet vile setje seg meir i dekket etter kvart. Men det har det ikkje gjort, seier Mundal til avisa.

Sogndal har ifølgje Firda budsjettert med 10 millionar kroner til kunstgras på Fosshaugane og i Sognahallen. No har leverandøren varsla at dei kjem til Sogndal for å skifte dei grøne gummikulene.

– Det er første gong vi har opplevd dette, og vi har fleire hundre anlegg bak oss. Så desse granulatkulene er sende til laboratorium, seier dagleg leiar Per Ulseth i Desso Sport.