Hopp til innhold

Mange distriktskommunar slit – men i Gaular er det folkevekst

GAULAR (NRK): Mens mange distrikskommunar slit med fråflytting og folketalsnedgang, er det byggjeboom og folkevekst i Gaular.

Trine Marita Lunde, Sølvi Søgnen, Brita Jordanger Kirkeeide

TRIVST I PENDLARLIVET: Trine Marita Lunde, Sølvi Søgnen og Brita Jordanger Kirkeeide pendlar frå jobb i Førde til Gaular – ein kommune i vekst. Det som er veldig kjekt er det er mange unge, nyetablerte som flyttar hit, seier Kirkeeide, som sjølv er nyetablert på Sande.

– Vi bur midt oppi her, og det poppar opp hus. Det er heilt rått, kor fort det blir bygd, seier Brita Jordanger Kirkeeide.

Arbeidsdagen ved Halbrend skule i Førde er over. Saman med kollegaene Sølvi Søgnen og Trine Marita Lunde sit ho i bilen på veg heim. Mens Søgnen pendlar på tolvte året, er Lunde og Kirkeeide nyetablerte på Sande.

– Det som er veldig kjekt er det er mange unge, nyetablerte som flyttar hit, seier Kirkeeide.

Gaular veks

For der mange distriktskommunar slit med fråflytting og vil få folketalsnedgang , skil Gaular seg positivt ut. Ifølgje folketalsframskrivingane til SSB vil kommunen få ein folketalsvekst på 13 prosent fram mot 2040.

Utviklinga i Gaular er ikkje gitt. Ei fersk meiningsmåling viser at fire av ti unge som bur utanfor heimfylket Sogn og Fjordane, seier det er svært eller noko usannsynleg at dei bur her om fem år.

– Det er sikkert mange lokale grunnar til veksten i Gaular, men det kan vere dette med at det ligg i nærleiken av ein større stad, så ein kan jobbe i Førde og bu i Gaular, seier SSB-forskar Marianne Tønnesen.

Marianne Tønnesen, SSB

FLEIRE FLYTTAR INN: – No har Gaular passert 3000 innbyggjarar på veg oppover. Det skuldast at fleire flyttar inn enn dei som flyttar ut. Det har også blitt fødd fleire enn dei som døyr, seier demograf og forskar i SSB, Marianne Tønnesen.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

– Det vi ser i alle fall generelt, er at kommunar i nærleiken av ein stor arbeidsmarknad gjerne har folkevekst.

Omliggande kommunar veks

Dei to nyetablerte fortel om tomteprisar på Sande som ikkje kan samanliknast med dei i Førde. Fleirbrukshall, møteplassar, arrangement og aktivitetar gjer at dei tre stortrivst i Gaular. Men nabokommunane dreg fordelar av kvarandre, trur dei.

– Førde har mange kompetansearbeidsplassar. Førde er avhengig av utkantane, og utkantane er avhengig av Førde, seier Søgnen.

Over heile landet ser ein same mønster. Unge flyttar til storbyen for å studere, men når dei er i etableringsfasen, flyttar mange ut. I alle fall eit stykke.

– Mange flyttar kanskje ikkje tilbake til heimstaden, men til ein kommune i nærleiken av byen. Det gjer at vi får ein kraftig befolkningsvekst i desse kommunane, seier Tønnesen

Fryktar ikkje Førde-vekst

Befolkningsframskrivingane til SSB tyder på at Sogn og Fjordane vil få ein vekst på 3 prosent fram mot 2040, nest lågast i landet. Ser ein mot vestlandsfylka Hordaland og Rogaland har også dei høg levealder og fruktbarheit, men sterkare bysenter og høgare folkevekst.

– Byar fører til større tilbakeflytting. Det er i del av sanninga. Det er lettare å kome tilbake til eit større senter, seier forskar Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research.

Gro Marit Grimsrud

NATURLOV: – Byar fører til større tilbakeflytting. Det er ein del av sanninga. Det er lettare å kome tilbake til eit større senter, fordi du skal ha jobb til minst to. Dei som kjem nye til Sogn og Fjordane, vel gjerne dei mest sentrale stadene, også grunna arbeidsmarknad og tilgjenge, seier forskar Gro Marit Grimsrud ved NORCE.

Foto: Odd Iversen / NRK

– Er Sogn og Fjordane tent med større bymiljø for å hindre ungdom å flytte ut?

– Det er vanskeleg svare på. Skal vi sjå på tala er det mykje som tyder på at byen har lettare for å tiltrekke seg folk og at færre flyttar ut. Men så skal ein òg hugse at fylket er kjent for ikkje å ha by, og mange synest det er positivt. Så det er noko som også trekkjer.

Etter mange år i Bergen set Kirkeeide pris på Førde sine urbane innslag. Ho trur ikkje dei mindre kommunane bør frykte byvekst.

– Eg trur ikkje vi skal vere så redde for at om ein bygger opp Førde, så går det på kostnad av utkantane. Eg tenkjer tvert imot, at utkantane ikkje vil bli attraktive utan eit senter i nærleiken.