Hopp til innhold

– Mange på jakt i måneskinet forklarar skadeskytingane

Sju tilfelle av søk etter skadeskotne hjortar på ei og same natt overraskar ikkje leiaren i jeger- og fiskarforbundet i Sogn og Fjordane, Alf Erik Røyrvik. – Det har ei naturleg forklaring, seier han.

Alf Erik Røyrvik

IKKJE OVERRASKA: Fylkesleiar i jeger- og fiskarforbundet i Sogn og Fjordane, Alf Erik Røyrvik, seier det er færre skadeskytingar under måneskinsjakt enn i dagslys.

Foto: Privat

– Det er helg, klart og fint vêr og fullmåne. Det betyr at veldig mange er ute og jaktar. Då er det naturleg at det kan vere meir skadeskyting og at vi opplever toppar med ettersøk, slik som i natt, seier fylkesleiaren i jeger- og fiskarforbundet.

Seint laurdag kveld og natt til søndag fekk politiet melding om sju tilfelle av skadeskotne hjortar over heile fylket. Viltnemndene er pliktige til å melde frå til politiet når dei søker med lys.

– Trygt å jakte i måneskin

Røyrvik understrekar at han ikkje kjenner dei konkrete tilfella natt til søndag, og at han uttalar seg på generelt grunnlag.

Han er sjølv ein erfaren jeger og medlem av ettersøksringen i Gloppen. Han fortel at ein gjerne opplever tilsvarande første helga og dagane av hjortejakta, då også svært mange er ute og jaktar.

Røyrvik avviser at det er meir risikofylt å jakte i godt lys frå månen.

– Dette er ein god type jakt der dyra går roleg og beitar. Det gir jegerane betre tid til å sikte og finne ei god skytestilling, forklarar han.

– Betre jegerar

I tillegg viser han til at omfattande undersøkingar syner at risikoen for å skadeskyte under jakt i måneskin berre er halvparten så stor som under jakt i dagslys.

– Det hender og at ein del ettersøk med lys er såkalla dødssøk. Det vil seie at hjorten er treft av eit godt skot, men at den gjerne flyttar seg eit par hundremeter før den legg seg ned og døyr. Er det mørkt må ein gjerne gjere søk med lys for å finne den, forklarar Røyrvik.

Han ser heller ingen samanheng mellom nattas tal på skadeskotne hjortar og kvaliteten på skyteferdigheitene. Talet på skadeskytingar er stabilt og krava til å ta jegerprøven er blitt strengare sidan den vart innført i 1986.

– Det er nok meir fokus på godt jaktutøving no enn det var før, seier Røyrvik.

Ikkje kritisk lenger

Ein mann som i 2010 påstod det var for mykje skadeskyting, var landbruksdirektør hos Fylkesmannen, Christian Rekkedal. I eit blogginnlegg skreiv han den gongen at jegerane burde trene meir. I dag deler oppfatninga til fylkesleiaren i jeger- og fiskarforbundet.

Christian Rekkedal

IKKJE KRITISK: Landbruksdirektør hos Fylkesmannen, Christian Rekkedal.

Foto: NRK

– Dei siste åra har vi sett at jegerane er blitt flinkare til å skyte. Dei startar å trene tidlegare på sommaren, seier Rekkedal. Han understrekar at innlegget i si tid vart skrive som eit innspel til dei som ønskte å utnytte hjorten som ein del av ei næringssatsing med utleige av løyver og guiding.