Hopp til innhold

- For mykje skadeskyting

Landbruksdirektøren meiner skyttarar bør trene meir før hjortejakta tek til.

Hjort

Fylkeslandbrukssjef Christian Rekkedal bloggar om hjortejakta, og meiner fleire bør øve meir på skyting før dei jaktar.

Foto: Privat

- Fleire av jegerane bør trene meir skyting, skriv Christian Rekkedal, landbruksdirektør hjå Fylkesmannen på fylkesmannsbloggen .

- Ikkje så vanskeleg vel?

Christian Rekkedal

Christian Rekkedal, landbruksdirektør

Foto: Knut Grinde

Rekkedal er sjølv medlem i eit skyttarlag og fortel at dei driv med skytetrening og jaktprøver .

- Kravet er å plassere fem skot innanfor ein 30 centimeter blink på 100 meters avstand. Det burde ikkje vere vanskeleg med dagens utstyr, men litt for mange strevar og eg kan ikkje forstå anna enn at dette kan føre til unødvendig skadeskyting, meiner fylkeslandbrukssjefen.

- Tren meir

Hjortejakt

Rekkedal er redd det vert skadeskote hjort på grunn av dårlege skyttarar.

Foto: NRK

Han meiner hjortejegerane bør kome seg tidlegare ut for å trene seg opp til jakta på hausten.

- Jakt skal forgå slik at ”viltet ikke utsettes for unødige lidelser” og skal jaktturisme bli ei framtidsretta bygdenæring må dette lovkravet følgjast.

Rekkedal er oppteken av næringslivet som nyt godt av hjorten og jakta på den.

- Landbruket og bygdene treng denne ressursen både til auka næringsinntekter og til den sosiale verdien jakta skaper. Grunneigarane har gjennom sine eigne organisasjonar arbeidd godt med å betre organisering av jaktvalda dei siste åra, og vi har støtta dette med bygdeutviklingsmidlar, skriv han i bloggen.

- Med 12000 små landbrukseigedomar har dette vore heilt nødvendig både for den lokale forvaltninga, jaktorganisering og næringsutvikling i tilknyting til jakta.

- Øving gjer meister

Øyvind Hopland leiar i Norges jakt og fiskeforbund i Sogn og Fjordane må vedgå at fleire jegrar burde vore betre til å skyte.

- Det er ein del jegerane som er gode til å skyte, men det er jo nokre som burde vore betre, seire Hopland.

Øving gjer som kjendt meister. Og det meiner Hopland er kuren for å hindre skadeskotne dyr.

Vil ikkje ha fleire reglar

- Ein bør øve så mykje ein kan. Men det er klart at det er avhengig av kor god tid ein har.

For å kunne byrje å jakte må ein gjennomføre 30 timar obligatorisk kurs.
Det vart innført på 80-tallet. Og Hopland vil ikkje at det skal kome endå fleire reglar som jegerane må forhalde seg til.

- Det er allereie ein del reglar å halde seg til og det er mykje å tenkje på. Så eg trur vegen å gå er å gjere folk bevisste på dette, og oppmode til øving, seier Hopland.