Hopp til innhold

Norsk hjort finn ikkje vegen til butikken – men det gjer hjort frå New Zealand

SANDANE (NRK): Aldri har det vore skote meir hjortevilt i Noreg, men lite av kjøtet dukkar opp i butikkane. I staden importerer kjedene kjøt frå utlandet.

Kronhjort

SVIKT I MARKNADEN: I sesongen 2019/2020 blei det felt rekordmange hjort i Noreg. Men hjortekjøtet i butikken er ikkje frå Norge.

Foto: Ole Jakob Vorraa

– Det er ikkje nødvendigvis noko gale med kjøt frå Spania eller New Zealand, men det blir feil at kundane ikkje kan velje norsk når vi har så mykje av det, seier Johan Trygve Solheim, dagleg leiar for stiftinga Norsk Hjortesenter.

I sesongen 2019/2020 blei det felt rekordmange hjort i Noreg.

Men vegen fram til kundane er lang og kronglete.

Dei som vil ha hjortevilt til middag, må sjølv kontakte jeger eller finne fram til ulike nettsider der kjøtt blir omsett. Berre somme butikkar fører norsk hjortekjøtt.

Folk er interesserte i kjøtet, men dei får ikkje tak i det, seier Solheim.

No har hjortesenteret fått midlar frå Innovasjon Norge til å undersøke kva som skal til for å «reparere marknaden» for hjortekjøtt.

Johan Trygve Solheim

VIL HA BETRE FLYT: – Det er mange som vil ha det, som ikkje får det og mange som har mykje, som ikkje blir kvitt det. Då er det noko på vegen frå skogen til bordet som ikkje fungerer, seier Johan Trygve Solheim.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Ikkje ein tilbyder

– Det er rett og slett ikkje ein tilbyder i Noreg som kan dekke Coop nasjonalt, seier kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen.

Hovudregelen er difor at Coop sel fryst hjort som er importert frå Spania. Lokale leverandørar gjer at dei sel norsk hjort på utvalde plassar i Midt-Noreg og på Vestlandet, seier han.

– Vi veit at kundane våre føretrekkjer norske råvarer og vi prioriterer alltid norske produkt når det er tilgang. Vi trur det er potensial til å selje meir hjortekjøt.

– Lite kjøtt tilgjengeleg

– Vi vil gjerne selje meir norsk hjortekjøtt, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen.

Problemet er at det blir produsert avgrensa mengder hjortekjøtt i Noreg, og at det meste blir omsett direkte frå produsent til forbruker eller til hotell og restaurantar.

– Dermed blir det lite kjøtt tilgjengeleg for sal via daglegvare.

Ho forklarar at det fryste kjøttet som oftast vere importert, fortrinnsvis frå Spania, New Zealand og noko frå Polen, Belgia og Storbritannia.

LES OGSÅ: Bør skyta dobbelt så mykje hjort i år.

Hjorteskrottar i kjøleanlegg på Håbakken i Lærdal

BLIR FEIL: – Det er ikkje nødvendigvis noko gale med kjøt frå Spania eller New Zealand, men det blir feil at kundane ikkje kan velje norsk når vi har så mykje av det, seier Johan Trygve Solheim.

Foto: Fredrik Hestetun

– Myndigheitene bør kome på bana

Solheim ved Norsk Hjortesenter meiner det er eit paradoks at ein god del hjortekjøt som blir selt i Noreg er importert.

– Det er mogleg for grunneigar å hente meir inntekter, men også for andre ledd – dei som skal slakte, partere og pakke.

Bondelaget har tidlegare teke til orde for å redusere bestanden fordi hjorteflokkar et opp gras og gjer skade på bøane.

Enda ein grunn til at «viltkjøttnæringa i fellesskap med myndigheitene» bør kome på bana, meiner Solheim.

– Mange ynskjer å levere meir av viltkjøttet dei haustar. Dessverre er det mange som sluttar å jakte når deira eigen fryseboks er full.

Eksklusiv vare

I Gloppen i Nordfjord har hotellsjef Preben Moen funne si eiga løysing på problemet med distribuering av hjortekjøt.

Alliert med ein lokal jeger sørgjar han kvar veke for at eit par hjorteskrottar blir levert over fjellet og til restaurantar og slaktebutikkar i Oslo.

– Der er hjortekjøtt er kjempeekslusivt, seier han.

Han fortel at kjøttet også går heim til folk som elles ikkje et kjøt.

– For viltkjøt vil dei ha.

Victor Basinskij og Preben Moen ved Gloppen Hotell

VILTKJØT: Victor Basinskij og Preben Moen ved Gloppen Hotell deler opp hjortekjøt. Moen seier dei ønskjer å bruke viltkjøt, ikkje oppdrettskjøt, på menyen.

Foto: Harald Kolseth / NRK