NRK Meny
Normal

Drøymer om ein Vestlands-gigant

HORNINDAL (NRK): Eit vestlandsfylke med nær 1,4 millionar innbyggjarar frå Agder i Sør til Trøndelag i nord, er stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) sitt ønske.

Bjørn Lødemel

DRØYMER STORT: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) vil samle heile Vestlandet.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg jobbar for å få til ein vestlandsregion. Om vi tek med Rogaland er heile Vestlandet samla. Det vil vere ein gigant samanlikna med andre delar av landet, fortel Bjørn Lødemel, honndøl og stortingsrepresentant frå Høgre.

Allereie innan desember i år må dei 19 fylkestinga kring om i landet seie sitt om kva fylke dei vil slå seg saman med. Planen er at dei nye og større regionfylka skal vere på plass frå 1. januar 2020. Bjørn Lødemel meiner eit stort og sterkt vestlandsfylke er viktig som ein motvekt til makta på Austlandet.

– Ein må samarbeide med alle fylka på Vestlandet, for å gjere regionen slagkraftig. Då tenkjer eg inn mot statlege myndigheiter.

– Heile Vestlandet blir for stort

Jørgen Amdam, ordførar og Ap-politikar i Volda, meiner derimot at eit vestlandsfylke frå Agder i sør til Trøndelag i nord blir for mykje.

– Om Rogaland er med trur eg det blir for stort. Slik eg ser det blir Sunnmøre og Nordfjord stadig meir integrert gjennom kommunikasjonsendring. Å ha ei grense som del opp det området vil eg kjempe imot med alt eg kan. Det vil bety at grensa går nord for oss, det kan vere ved Romsdalsfjorden. Elles kan grensa går sør for oss, med Sognefjorden.

Om grensa går ved Sognefjorden, kva tenkjer du då?

– Då tenkjer eg eit felles fylke mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det er eigentleg favoritten min, seier Amdam.

Jørgen Amdam

FRYKTAR STØRRELSEN: Volda-ordførar Jørgen Amdam ser heller at Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal dannar eit nytt fylke.

Foto: Bård Siem / NRK

Ønskjer Møre og Romsdal og Agder velkommen

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), fortel at eit vestlandsfylke beståande av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er det mest sannsynlege, men at delar av både Agder og Møre og Romsdal er velkomne til å vere med dersom innbyggjarane ønskjer det.

– Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er einige om å starte ein prosess med forhandlingar. Dersom Vest-Agder og Møre og Romsdal er interessert i å vere med, må dei melde seg på, seier Hestetun.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap)

ØNSKER ALLE VELKOMMEN: Men Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, trur ei samling av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er mest sannsynleg.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ho er særleg positiv til fylket i nord.

– Personleg har eg alltid meint at delar av Møre og Romsdal er naturleg. Under høyringa på Stortinget var sunnmøringane til stades, og dei var tydelege på at dei vil vere ein del av ein vestlandsregion.

Møre og Romsdal set foten ned

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), skriv i ei tekstmelding til NRK at det er heilt uinteressant og heilt uaktuelt for Møre og Romsdal å vere med i eit stort Vestlandsfylke, slik Lødemel har skissert. Aasen poengterer i tekstmeldinga at Møre og Romsdal har gjort vedtak om å stå åleine.