Laga eigen gangveg etter dødsulukka

I Kjølsdalen i Eid har folk gått saman for ein sikrare skuleveg etter dødsulukka. Resultatet er ein alternativ gangveg laga på dugnad, på ein dag.

Alternativ gangveg i Kjølsdalen

PRØVEGÅR: Her går nokre av borna i Kjølsdalen langs den alternative gangvegen. Ulukka som skjedde tredje juledag skjedde eit par hundre meter unna, på gangvegen til venstre i biletet.

Foto: Privat

– Me er vane med at kjølsdøler lyt klare seg sjølve, seier Thomas Poul Reines Hals, rektor ved Kjølsdalen montessoriskole.

Torsdag kveld skjedde det som fleire hadde frykta. To kvinner omkom då ein bil hamna utanfor vegen, kryssa rett over til gangfeltet, og trefte dei. Det finst ikkje rekkverk der som ulukka skjedde.

Strekninga langs riksveg 15 er òg skuleveg for born i bygda.

Hals bad om tiltak dagen etter ulukka, og sa til NRK at kampen om ein trygg skuleveg har gått føre seg sidan 2015. I dag, tre dagar etter ulukka, gjorde dei noko med situasjonen sjølve.

– Ganske raskt etter at tragedien skjedde, så kom det spørsmål om det ikkje var noko me kunne gjere for å senke fryktnivået. Dette er i staden for å gå på same gangvegen no i tida etter ulukka, spesielt med tanke på skuleborna, seier Hals.

Den nye gangvegen går parallelt med den gamle, rundt 10 meter innover, over eit jorde. Grunneigar har gjeve løyve til den nye gangvegen, som er merka med brøytestikker.

– Dei har sett opp brøytestikker og laga opning i gjerda, så det skal vere klart og tydeleg korleis ein skal gå, seier han.

Skuleborn som var med på dugnaden har allereie prøvegått strekninga, og dei melder at den alternative gangvegen fungerer bra.

– Dei har godkjent at dette er greitt, seier Hals.

Den vanlege gangvegen er framleis open for dei som ynskjer å gå eller sykle der i staden.

Statens vegvesen motset seg ikkje dugnadsprosjektet

– Me var ikkje kjende med dette, men at bygda går saman om ei slik løysing har me ikkje noko synspunkt på, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør Vegavdeling Sogn og Fjordane.

Statens vegvesen har fått tole kritikk for at dei ikkje har gjort nok for å sikre strekninga der ulukka skjedde.

– Det kom dessverre ikkje heilt overraskande på oss at det kunne skje ei ulukke der, seier Thomas Poul Reines Hals.

Finden skjønar at folk i Kjølsdalen har forsøkt å løyse situasjonen sjølve no.

– Ja. Dei kvir seg kanskje for å gå forbi ulukkesstaden, også fordi dei framleis kan sjå spor etter ulukka, seier han.

Etter nyttår skal ei grundig vurdering av ulukka gjerast, seier Finden, og då vil dei sjå på om det skal gjerast strakstiltak for å til dømes setje opp eit rekkverk.

– Me kan setje inn strakstiltak, men ein må vite at eit rekkverk kan vere eit faremoment òg. Det er ein balanse som me må finne ut av, og me kan ikkje ta forhasta avgjerder, seier han.

Alternativ gangveg i Kjølsdalen, Eid

OPNAR JORDET: Grunneigaren har gått med på å opne jordet for gåande trafikk. Her er eine «inngangen» til gangvegen.

Foto: Privat