Fjellovergangar stengde: – Har du ikkje vinterdekk må du parkere bilen

Vårleg vintervêr fører framleis til fleire stengde fjellovergangar i Sør-Noreg. Det har vore fleire ulukker og uhell på glatta.

Brøyting ved bommen på Tyinkrysset

VOKTAR VEGEN: Strekninga Tyin-Årdal er blant vegane som er stengd.

Foto: Statens vegvesen

Slik er status på fjellovergangane klokka 21.30:

  • Rv 7 Hardangervidda, stengd, kolonne frå 20.30
  • Rv15 Strynefjellet, stengd
  • Fv53 Tyin-Årdal, stengd
  • Fv50 Hol-Aurland, ope
  • Rv13 Vikafjellet, stengd, oppryddingsarbeid
  • Rv52 Hemsedalsfjellet, ope
  • E16 Filefjell, ope
  • E134 Haukelifjell, ope

– I dag er det vinterdekk som gjeld, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Ronny Sleire.

Han kan fortelje at somme operatørar har meldt om bilar med sommardekk på vegane i dag.

– Og det er fy-fy sånn som forholda er no, legg Sleire til.

Store delar av Vestlandet er dekka av varierande mengder snø tysdags morgon.

– Det skapar problem for ein del, fortel Ronny Sleire.

Temperaturar rundt null gjer at det kan vere glattare enn ein trur.

Tre til sjukehus etter to ulukker på E16

Tysdag morgon har det vore to trafikkulukker på E16 mellom Voss og Bergen. Først ved Hettetunnelen ved Stanghelle, der ein bil var involvert.

Sjåføren er køyrd til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse. Vedkommande var medviten, men skadeomfanget er ukjend. E16 er opna igjen på staden.

Klokka 08.22 vart det også meldt om ei ulukke ved Holemarktunnelen mellom Bolstadøyri og Evanger i Voss herad. Her var to bilar og totalt fire personar involvert.

110 Vest melder om svært glatte vegar på ulukkesstaden. E16 var heilt stengd fram til klokka 10.00.

Ambulansepersonell såg til dei involverte og det vart bestemt å sende to personar til sjukehus for ein nærare sjekk.

Også på Osterøy er ein person køyrd til legevakt for ein sjekk, etter å ha køyrd utfor Gjerstadvegen.

Ulukke ved Hettetunnelen på E16 april 2021

AMBULANSE: Ein person vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse, etter ulukka ved Hettetunnelen på E16. Skadeomfanget er ukjend.

Foto: Yoan Lemoine / 03030-tipser

Snøras stengjer veg

På riksveg 5 mellom Støylsnestunnelen og Fjærlandstunnelen var vegen stengd av snøskred ved Lundebotn.

snøras rv5 kjøsnes

RASTE: Snø stengde riksveg 5.

Foto: RAGNVALD SØGNESAND

Entreprenør måtte på plass for å rydde vegen. Begge tunnelane var stengde som følgje av raset. Vegen er no rydda og open for fri ferdsel.

Stengd i fjellet

– Det er framleis ruskevêr i høgfjellet. Dei fleste er stengd eller har kolonnekøyring, seier Jan Audun Marøy, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Hjå Førde bilberging har telefonen ringd i eitt tysdags morgon.

– No står der ein del oppdrag på vent, fortel driftssjef Vegard Johnsen.

Dei er ute med alt av mannskap, men slit med å ta unna alle oppdraga.

– Vi skal køyre på same føret sjølv så vi må ta det med ro, legg han til.

Ein bergingsbil hamna likevell i vegkanten ved Moskog i Sunnfjord.

Bilberger av vegen moskog

BERGINGSBIL MÅTTE BERGAST: For denne bergingsbilen var det kanskje ikkje nok å ta det med ro.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Fleire har vore uheldige i morgontimane:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold