Hopp til innhold

To kvinner omkom etter påkjørsel

To kvinner omkom etter at dei vart påkøyrt på ein gangveg i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Ein mann i 50-åra skal avhøyrast i dag.

Ulukke Kjølsdalen

ULYKKESSTADEN: Kriminalteknikarar skal jobbe vidare på ulykkesstaden i kveld.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

To kvinner omkom då dei vart påkøyrt av ein bil på ein gangveg i Kjølsdalen i Eid kommune. Kvinnene gjekk på gangvegen og bilen skal ha køyrt ut av vegen og treft dei to fotgjengarane.

– Ein bil kom i retning frå Måløy mot Nordfjordeid. Kvinnene gjekk på gangvegen ved avkøyringa til Kjølsdalen og blei påkøyrt på gangvegen, seier Per Algrøy, operasjonsleder i Vest politidistrikt.

Bilulukke Kjølsdalen

AVSPERRA: Dei to kvinnene gjekk på ein gangveg langs riksveg 5 då dei vart påkøyrt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Føreren av bilen, ein mann i 50-åra, vart send til sjukehus med lettere skadar. Politiet har teke ein rutinemessig blodprøve av mannen og skal i kveld jobbe vidare med å finne ut kvifor ulukka skjedde.

– Vi skal gjøre avhøyr av førar og vitne til ulukka, og gjøre undersøkinger på staden, seier Algrøy.

Ifølgje politiet vil dei gjøre eit forsøk på å avhøyre mannen i løpet av fredag føremiddag.

Heimehøyrande i Kjølsdalen

Dei to omkomne kvinnene var i 50- og 60-åra og begge budde i Kjølsdalen. Kommunen har tatt i bruk skulen i Kjølsdalen slik at folk kan samlast der.

– Då vi vart varsla om dette samla vi kriseleiinga i kommunen. Eit psykososialt kriseteam er i arbeid no for å hjelpe dei pårørende og vi har oppretta ein samlingsstad for dei som ønskjer det på skolen i Kjølsdalen, seier Alfred Bjørlo, ordfører i Eid.

– Pregar bygda

Ordføreren var på veg dit torsdag kveld, for å møte dei som har samla seg på skolen.

– Ei slik ulukke er umogleg å førebu seg på. På ein liten plass som dette så er alle berørte og det er klart at dette gjer eit voldsomt inntrykk, seier Bjørlo.

I Kjølsdalen bur det rundt 500 til 600 personer. Bjørlo seier ulykka vil prege bygda.

– Det er tragisk og eit sjokk for alle når noko slikt skjer. Det er ei frykteleg hending og vil prege oss i lang tid framover, seier han til NTB.

Kjølsdalen
Trafikkulukke Kjølsdalen

VEGEN STENGT: Riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Måløy vart stengt på grunn av uplukka.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK