Lærdal-ordføraren endeleg klar

To veker etter valet er det endeleg bestemt kven som blir ordførar i Lærdal. Jan Geir Solheim frå Senterpartiet står klar til å styre klubba dei neste fire åra.

Jan Geir Solheim

ORDFØRAR: Jan Geir Solheim frå Senterpartiet skal styre Lærdal dei neste fire åra.

– No er eg veldig glad, seier Solheim til NRK.no måndag kveld.

Då har medlemsmøta til Arbeidarpartiet og Senterpartiet godkjent samarbeidsavtalen mellom partia. Med det er det klart at Solheim vert ordførar, medan Johan Nes frå Ap vert varaordførar.

Med det har alle kommunane i Sogn og Fjordane fått på plass kven som vert ordførar dei neste fire åra.

Førre måndag vart forhandlingsutvala til Ap og Sp samde om ein felles politisk plattform. Men ikkje før saka hadde vore oppe på medlemsmøta til partia i dag, ville Jan Geir Solheim gå ut å kalle seg ordførar.

Sjølv om han sist måndag ikkje frykta at medlemsmøta ville forkaste avtalen, ville han vere heilt sikker før han smykka seg med tittelen.

Nesten einstemmig

Senterpartiet vart til mange si store overrasking det største partiet i Lærdal etter årets kommuneval, medan Ap vart nest størst etter ein tilbakegong på over 16 prosent.

Det er no klart at det blir desse to partia som skal samarbeide om makta i sognekommunen i fire år framover.

Medan medlemsmøtet til Ap godkjente avtalen mot ei stemme, var det heilt einstemmig hos Senterpartiet sine medlemmer.

– Det er veldig godt at eg har eit einstemmig medlemsmøte bak meg på dette, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johan Nes, ap sin ordførarkandiat i Lærdal

VARA: Johan Nes frå Ap vert varaordførar i Lærdal.

Foto: privat foto

Vil få fleire til å flytte til Lærdal

Også varaordførar Johan Nes (Ap) er godt nøgd med at avtalen endeleg er i boks.

– Vi hadde litt diskusjon, det hadde vi, men det var godt at det nesten vart einstemmig, seier Nes til NRK.no måndag kveld.

Solheim er klar for å ta til i ny jobb frå 20. oktober og har allereie planen klar for minst ei viktig oppgåve han vil setje høgt på dagsorden.

– Vi må få fleire til å flytte til Lærdal. Dette må vi i kommunen leggje til rette for, seier Solheim som meiner evna til samarbeid vil bli ein av hans sterke sider.