Hopp til innhold

Lærdal står framfor omstilling

Arbeidarpartiet og Senterpartiet stiller med nye kostar ved årets val i Lærdal

Lærdal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Lærdal ha bak seg ein turbulent periode der mykje har dreia seg om sitjande ordførar Arne Sanden (Ap) sin oppførsel og måte å utøve politikken på.

Konflikten med tidlegare rådmann Bent Arild Grytten var ein belastning for heile det politiske omdømmet i Lærdal

Framleis Ap.

Sanden trekte seg framfor dette valet, og etter litt jobbing med etterfølgjar, sa Johan Nes ja til å stille. Ap har vore suverent største parti i Lærdal ved dei siste to vala, og dersom dei held stand, er nok Nes storfavoritt til ordførarjobben.

Hovudutfordrar er nok framleis Senterpartiet. Senterpartiet hadde ordføraren i Lærdal ei årrekkje fram til 2003, og då i eit listesamarbeid med H, V og KrF. I 2007 stilte partia eigne lister.

Også Senterpartiet har skifta ordførarkandidat. Lars Petter Nesse stiller ikkje på igjen, og ny listetopp er Jan Geir Solheim.

Dei andre toppkandidatane er Trond Einemo (H) som sist, Jan Olav Fretland (SV) etter Kari Blåflat og Marianne Øren (V) som sist.

KrF og Frp stiller ikkje liste i Lærdal

Vanskeleg økonomi

Lærdal har køyrt seg ut i eit økonomisk uføre. Dei har mista arbeidsplassar ved Opplysningen, ved sjukehuset og i kommunen. Ordføraren gjekk ut tidlegare i år og sa at 1 av 4 arbeidsplassar i kommunen kan forsvinne dei komande åra.

No gjekk ikkje utviklinga ved sjukehuset så negativ som dei hadde frykta, men omstilling må til, og Arne Sanden har tidlegare sagt at kommunen kom for seint i gang med dette. Dermed ligg den utfordringa der for det nye kommunestyret.

Kunstisbane

er ein av investeringane som Lærdal ønskjer. Nabokommunane har sagt at dei vil støtte. Skøyteforbundet er positiv til å bidra, men Lærdal har ikkje råd.

Som mange andre kommunar får Lærdal diskusjon om skulestruktur når pengane blir knappe. Argumentet er at skular må leggjast ned når elevtalet minkar og det pedagogiske tilbodet ikkje blir godt nok – men kor stor må ein skule vere for å gje eit godt nok tilbod, er absolutt eit diskusjonstema.

Eigedomsskatt

er eit middel kommunar tyr til når pengesekken blir for slunken. Lærdal har ikkje slik skatt.

Lærdal - kommuneval

 

Ap

H

Sp

SV

V

FrP

Andre

1995

45,8

 

 

8,2

 

 

46,0

1999

39,9

 

 

11,6

 

 

48,4

2003

47,4

 

 

16,7

 

5,8

30,0

2007

41,5

10,8

29,0

10,0

8,8

   -

   -