Politikarar frå kystkommunane har i mange år hevda at kysten har vore nedprioritert av resten av fylket.
Men dei neste fire åra vil 41 prosent av representantane kome frå åtte av kystkommunane i Sogn og Fjordane. Dei same kommunane representerer 32 prosent av innbyggjarane i fylket.
- LES OGSÅ:
– Det er i grunn litt kjekt å sjå at kysten har fått litt utteljing på eit slikt val som dette. Det har vore slik ein del år at kysten, etter mi meining, har vore underrepresentert, seier Klaus Iversen (V).
Bevisst nedprioritering
NEDPRIORITERT: Frank Aarebrot.
Foto: NRKMed heile 520 personrøyster, er venstrepolitikaren frå Vågsøy ein del av bølgja med kystpolitikarar som no feiar inn i Fylkestinget i år.
Professor i Samanliknande Politikk, Frank Aarebrot, uttala i 2008 at
.- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Grunnen til det trur eg rett og slett er den merkverdige politikken som er ført i Sogn og Fjordane. Med ei bevisst nedprioritering av dei delar av fylket som kan danne grunnlag for vekst. Prisen dei betaler er naturlegvis stagnasjon, sa han.
Ser moglegheitene
Den gongen fekk Aarebrot klar støtte frå både Alfred Bjørlo i Måløy Vekst, og Vågsøy-ordførar Roger B. Silden. No kan det altså bli annleis.
Med så stor representasjon kan kystpolitikarane nesten åleine avgjere om 45 minuttsregionen mellom Måløy og Florø skal rykkje framover på prioriteringslista.
– Kysten har heile tida hatt eit underskot av moglegheiter som har vore der, men som ikkje er realisert. Eg trur nok at mange veljarar har sett at Høgre kanskje er det partiet som er til å stole på om ein skal ta ut potensial som har ligge der, seier fylkespolitikar Bjørn Hollevik (H) frå Florø.
Høgre med flest
Av partia på fylkestinget, er det nettopp Høgre som har flest frå kysten med fem av sju representantar. I andre enden, er Senterpartiet representert med to av ti i politikargruppa si.
NØGD: Bjørn Hollevik.
Foto: Oddleif Løset / NRKSamla aukar talet på representantar frå kysten frå 13 til 16. Noko Iversen er glad for.
– Vi skal vere fylkespolitikarar, og ikkje nødvendigvis berre kommunepolitikarar i denne samanheng. Men det er klart at vi også representerer våre nærmiljø og regionar. Det vil føre til at vi får større merksemd på saker som har relasjon til kysten, seier vågsøyværingen.
Får ikkje utslag
NRK sin valkommentator Knut Henning Grepstad tvilar på om det får store utslag at kysten erobrar politisk makt i fylket.
– Ein skal ikkje sjå vekk frå på enkeltsaker at det kan bli nokre konstellasjonar. Fylkestinget skal vere for heile fylket, det skal vere fylkespolitikarar og då har ein vore tilbakehalden med å profilere enkeltprosjekt, seier han.
– Lite grunnlag
Grepstad meiner samstundes at det er lite dekning for påstanden om at kysten i Sogn og Fjordane er nedprioritert.
Dei siste åtte åra har kystkommunane vore representert om lag likt med innbyggjartalet i fylket.
– Skal eg vere ærleg, og litt vågal på det, så tykkjer eg det er lite grunnlag for dei påstandane som har kome her. Det er påstandar som har kome frå avgrensa grupperingar og slik eg har følgt dette, så ser eg ikkje noko forankring i røynda når det gjeld fordeling av ressursane som fylkestinget rår over, seier han.