Hopp til innhold

Vil ikkje kalle seg ordførar før medlemmane har godkjent avtalen

Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Lærdal har inngått ein samarbeidsavtale som inneber at Sp får ordføraren. Men Jan Geir Solheim vil likevel ikkje kalle seg ordførar heilt enno.

Jan Geir Solheim

ORDFØRAR: Avtalen som er framforhandla av Sp og Ap i Lærdal peikar ut Jan Geir Solheim som ordførar. Han vil ikkje kalle seg ordførar før avtalen er godkjent av medlemsmøta.

– Nei, eg kan ikkje seie at eg er blitt ordførar endå. Det er opp til medlemsmøta i partia å ta endeleg avgjerd når dei kjem saman til møte neste måndag, seier Solheim til NRK.no seint måndag kveld.

Forhandlingsutvala til Arbeidarpartiet og Senterpartiet har då vore i møte i fleire timar. Ei veke etter valet har dei fått på plass ein politisk plattform. Solheim vil likevel ikkje seie at noko er sikkert før medlemsmøta til dei to partia har godkjent avtalen.

– Eg synst vi har hatt gode forhandlingar, men det må bli opp til medlemsmøta å seie kor god avtalen er, seier Solheim til NRK.no.

Overraskande val for Sp

Lærdal har bak seg ein turbulent periode der mykje har dreia seg om sitjande Ap-ordførar Arne Sanden sin oppførsel og måte å utøve politikken på. Før valet vart det klart at Sanden ikkje tok attval, og at det uansett valresultat ville bli ein ny person som tok over.

Ap har vore suverent største parti i Lærdal dei siste to vala, men sist måndag var det Ap som gjekk mest tilbake etter at veljarane sine stemmer var talde opp.

Sjølv med ein ørliten tilbakegang vart Senterpartiet største parti, og Ap og Sp har sidan valdagen vore i forhandlingar.

Ingenting er sikkert enno

Ei veke etter valet er Lærdal den einaste kommunen i Sogn og Fjordane der ordføraren endå ikkje er klar. Men etter nye forhandlingar måndag kveld er dei no kome fram til ein felles politisk plattform.

Sp får ordføraren, medan Ap får varaordføraren. I tillegg får Ap leiarvervet i forvaltningsutvalet, og Lærdal Ap får peike ut ny styreleiar i Lærdal Energi. Bortsett frå dette ønskjer ikkje Solheim å gå i ytterlegare detaljar om avtalen, før den har vore oppe hos medlemsmøta i partia.

– Men kva med avtalen er det medlemsmøta kan vere usamde med trur du?

– Det er vanskeleg å seie, men med det valresultatet vi fekk er det opning for fleire typar konstellasjonar, så det kan vere ein grunn. Ein annan grunn kan vere ei sak som har vore mykje debattert, nemleg skuledebatten, seier Solheim.

Solheim vil ikkje seie noko om kor stor sjanse han trur det er for at avtalen blir forkasta når medlemsmøta i Ap og Sp skal vurdere avtalen neste måndag.

Har lyst til å bli ordførar

På spørsmål om han har lyst til å bli ordførar slik avtalen seier, svarar Solheim slik.

– Det er ei stor utfordring for meg, for eg har veldig mykje å gjere i samband verksemder som eg driv. Men eg vil no bruke tida framover for å prøve å leggje til rette for å få dette til. Det var svært overraskande at Sp klarte å bli det største partiet i Lærdal. Men at vi vil styre og ta tak i det, det gjer vi sjølvsagt, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johan Nes, ap sin ordførarkandiat i Lærdal

VARAORDFØRAR: Johan Nes blir varaordførar i Lærdal dersom den politiske plattformen vert godkjent av medlemsmøta til Ap og Sp.

Foto: privat foto

Ap nøgde med avtalen

Også Johan Nes, som var ordførarkandidat for Ap, er nøgd med den politisk plattforma partiet har forhandla fram med Sp.

– Ut frå valresultatet så er vi nøgde med denne avtalen ja, seier Nes som etter alle solemerke vert ny varaordførar i Lærdal.

– Det har vore ei turbulent tid i Lærdal siste tida. Kva tenkjer du om tida framover no?

– Det blir ein ny situasjon. Vi får med oss ein del nye folk og kommunestyret får ei anna samansetning. Så eg ser fram til det og eg ser fram til å jobbe vidare med Sp.

– Vi har ikkje hastverk

Sjølv om det har gått ei veke sidan valet føler ikkje Solheim at dei har noko hastverk med å få på plass ordføraren i kommunen.

– Vi føler ikkje vi har dårleg tid. Vi skal ikkje konstituere noko kommunestyre før 20 oktober, seier Solheim og legg til:

– Eg håpar medlemsmøta i partia synst vi har gjort gode forhandlingar og at dei godkjenner avtalen.