Kuppforsøket til opposisjonspartia i Ap-bastionen Årdal stranda i dag, då Arild Ingar Lægreid (Ap) fekk fornya tillit som ordførar.
Stranda gjorde også Sp, Venstre og Høgre sitt forsøk på å lokke Arbeidarpartiet vekk frå samarbeidet med Miljøpartiet Dei Grøne i forkant av dagens konstituerande kommunestyremøte.
– Eg trur det kunne vore ei samlande og god løysing for Årdal, men det ville ikkje Ap vere med på å diskutere, seier Sp sin gruppeleiar, Aleksander Øren Heen.
FØLG DRAMAET: Opposisjonen prøvde å torpedera samarbeidet mellom Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne. (Foto/redigering: Steinar Lote, reporter: Per Kristian Grimeland)
– Uaktuelle drøftingar
UAKTUELT Å BRYTA MED MDG: Arild Ingar Lægreid og Ap vurderte det aldri som aktuelt å gå til forhandlingsbordet med Sp, Høgre og Venstre.
Foto: Noralv Pedersen / NRKLægreid seier det aldri var aktuelt å setje seg til forhandlingsbordet med opposisjonspartia.
– Eg kjenner berre at det har kome førespurnad, men haldninga vår har vore at vi har ein skriftleg avtale med MDG, og den står vi på, seier Lægreid.
Øren Heen meiner kommunen hadde vore best stilt med ein politisk brei koalisjon.
– Dei fire parti ville ha fått betre betalt for politikken sin, og det hadde ikkje vore behov for å svelgje så mange kamelar for enkelte, som det no ligg an til, seier Øren Heen.
Splitta kommune
Dei fire siste åra har splitta kommunen. Både politisk og geografisk. Før valet hadde det
. På Årdalstangen . På same tid misser dei også legesenteret, som skal samlokaliserast i Øvre.Øren Heen meiner ein brei politisk koalisjon kunne ha samla kommunen.
- Les også:
– Der kunne ein ha fordelt posisjonane meir etter valresultatet, enn den blokkdelinga ein har no, seier han.
– Ville de kravd ordførar i slike forhandlingar?
– Som utgangspunkt, ja. Men så måtte ein sett korleis ei slik forhandling hadde gått. Alle måtte gitt og tatt for at det skulle gå.
– Deira vurdering
Øren Heen er samstundes ikkje overraska over at verken kuppforsøket i dag, eller friarferda i forkant, førte fram.
– Ap måtte ha brote med Miljøpartiet Dei Grøne, og eg både forstår og respekterer at det skal litt til. Så får det vere deira vurdering om dei ville starta samtalar eller ikkje med oss, seier han og avsluttar:
– Men vi sa ope og ærleg at vi ynskte å setje oss rundt bordet for å diskutere Årdal sitt beste, seier han.