Hopp til innhold

Kystkommunen framleis i det blå

Flora, Bremanger og Vågsøy legg opp til dagleg kontakt framover, men at det betyr ein ny kystkommune er ikkje sikkert, seier Flora-ordføraren.

Ola Teigen og Kristin Maurstad

SAMARBEID ELLER SAMANSLÅING: Flora og Vågsøy ynskjer seg eit tettare samarbeid i framtida, men ordførar i Flora Ola Teigen (Ap) vil

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Vi har ikkje sondert kommunesamanslåing, men vi har fått på plass eit forpliktande kystsamarbeid. Og det er sett av pengar til å drifte det, seier Ola Teigen (Ap).

Tysdag er han i Måløy nettopp for å diskutere kystsamarbeidet nærare. Og i går gjorde Fylkesmann Anne Karin Hamre det klart at ho ikkje vil tvinge Vågsøy saman med Eid og Selje.

– Det ideelle hadde vore Selje, Eid og Vågsøy. Men vi legg stor vekt på fri vilje, sa Anne Karin Hamre til NRK etter pressekonferansen måndag.

Ola Teigen

OPEN FOR FRIERI: Floraordførar vil gjerne bli større, men seier det må skje på alle kommunane sine eigne premissar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Usikker på utfallet

Teigen ser positivt på tilrådinga, men understrekar at det ikkje er Fylkesmannen som har siste ord i saka, og at det blir snakka om tvang i korridorane i statsapparatet i Oslo.

– Vi vil følgje nøye med framover, og følgje opp med møte med stortingsrepresentantane, seier Teigen.

Enn så lenge er dermed kystkommunen framleis eit alternativ, og noko næringslivet ser positivt på. For under eit møte for næringslivet i Florø, Bremanger, Vågsøy og Selje måndag, kom det fram at dei ynskjer seg ein kystkommune.

– Vi trur bestemt at vi har like interesser, men også utfyllande interesser, seier Ronny Kjerpeseth om punkta næringslivsaktørane kom fram til på møtet.

I Bremanger som ligg mellom Vågsøy og Flora har ein ikkje vore like positive til ein storkommune på kysten, men Teigen trur stemninga har endra seg endra seg også der.

– Nokre av dei eg snakkar med trur det vil bli samanslåing. Personleg meiner eg kommunereform er nødvendig for Flora. Eg trur vi må til ei kommunesamanslåing, og vil diskutere det når som helst.