Hopp til innhold

Ho vil slå saman Eid og Selje – utan å ta med Vågsøy

Fylkesmann Anne Karin Hamre vil slå saman to kommunar i Ytre Nordfjord, utan at dei har geografisk grense med kvarandre.

Ho vil slå saman Eid og Selje – utan å ta med Vågsøy

NYE SAMANSLÅINGAR: Anne Karin Hamre går inn for å slå saman Eid og Selje til ein kommune frå 2020.

I september i fjor la Hamre fram si første tilråding i den store saka om kommunesamanslåingar.

No rår Fylkesmannen til at Eid og Selje går saman i ein ny stor kommune i Ytre Nordfjord, men utan at Vågsøy er med.

– Det ideelle hadde vore Selje, Eid og Vågsøy. Men vi legg stor vekt på frivilligheit, seier Anne Karin Hamre til NRK.

– Sjølv om vi altså vurderer det slik at det kunne bli ei endå betre og meir langsiktig løysing å slå saman alle tre kommunane, kan vi ikkje sjå at det stengjer for ei fornuftig samanslåing at berre Selje og Eid slår seg saman. Vi finn derfor ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å tilrå ei samanslåing av Selje, Vågsøy og Eid frå 2020, seier fylkesmannen vidare.

Vågsøyordføraren er letta

– Det har vore harde frontar. Og Vågsøy har ikkje ønskja å vere med i Selje/Eid av fleire grunnar. Så no er eg letta seier ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad.

Kristin Maurstad

NØGD: Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, synest tilrådinga til Fylkesmannen var heilt grei.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

Kristin Maurstad seier at ho er nøgd med tilrådinga når ting vart som dei vart.

– Vi ønskte eit samarbeid med Selje. Men vi respekterer at dei ønskte noko anna. Og derfor synest eg Fylkesmannen si tilråding var grei, seier Maurstad.

Henna ønskje er ei kystkommune saman med Bremanger og Florø. Og den prosessen går vidare ganske så snart.

– Alt i morgon skal vi ha samarbeidsmøte om kystkommunesamarbeidet. Så er det formannskapsmøte på torsdag der dette er tema, så her skjer det ting litt etter litt, seier Vågsøyordførar Kristin Maurstad.

Skuffande at Fylkesmannen held fast på tilråding

No i ettermiddag blei det også klart at Fylkesmannen held oppe tilrådinga om ei samanslåing av kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand – uavhengig om det skjer frivillig eller ikkje.

Aud Kari Isane

SKUFFA: Aud Kari Isane (SV) synest det er respektlaust av Fylkesmannen å tilrå samanslåing av Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Foto: Silje Guddal (MMS) / NRK

Den avgjerdsla likar gruppeleiar for SV i kommunestyret i Balestrand, Aud Kari Isane, dårleg.

– Eg synest det vitnar om mangel på respekt for politiske vedtak. Vi har hatt ein lang prosess med folkeavstemmingar og intensjonsavtalar, og vi har prøvd å informere folk. Vi har høyrt på folk. Og derfor er vi imot samanslåing. Eg synes det er rart og eg likar det dårleg når Fylkesmannen no går imot kommunen sitt vedtak, seier Aud Kari Isane til NRK.

Ho seier ho blir litt oppgidd over Fylkesmannen sitt vedtak.

– Vi har jobba mykje med å finne ut kva vi skal meine om denne saka. Derfor kjennes det litt meiningslaust når Fylkesmannen, uavhengig av kva vi meinar, no går inn for samanslåing, seier ei noko irritert Aud Kari Isane.