NRK Meny
Normal

Kamp om tittelen «Norge sin verste veg»

Olden-Innvik gav i førre veke frå seg den tvilsame æra av å vere Norge sin verste veg. No er kampen i gong for å kapre tittelen, og det er mange om beinet.

Midtvegen på fylkeveg 615

KANDIDAT: Fylkesveg 615 har den lengste flaskehalsen i fylket, seier Olav Klungre om strekninga mellom Storebru og Hyen.

Foto: Olav Klungre

– Fylkesveg 57 mellom Storehaugen og Dale. Nokre parti der må vere blant dei verste i Norge, så det må vere ein god kandidat, seier Helge Robert Midtbø.

Men han møter konkurranse.

– Eg meiner vi er gryteklare, både til å ta i mot skiltet og å få gjort noko med vegen, seier Arve Mjømen i Gulen, og viser til erfaring som mangeårig bussjåfør på strekninga Sløvåg–Rutledal.

– Det er mange som har fått skader på både buss og bil på grunn av smal veg, seier Mjømen.

Store krav til elende

Det var i 2008 at Norge sin verste veg vart kåra, men etter ni år med utbetringar kan ikkje lenger strekninga Olden–Innvik krone seg med den tittelen. Skiltet er no blitt ettertrakta.

– Vi har fått veldig mange meldingar, det har tatt av etter at det kom ut i media, seier ordførar Sven Flo i Stryn.

Under vegopninga sa Flo at han helst ville grave ned det kjende skiltet, men no vert det teke vare på. Men å gje tittelen vidare til kven som helst, det er ikkje aktuelt.

Sven Flo, Jenny Følling og Dina Lefdal under vegopninga ved Vanbergtunnelen

TOK NED SKILTET: Ordførar Sven Flo med skiltet som har gjort strekninga Olden–Innvik svært kjend. Her med fylkesordførar Jenny Følling og vegsjef Dina Lefdal i fylkeskommunen.

– Den vegen må vere elendig, seier han, trekkjer pusten og kjem med følgjene liste.

– Vi hadde ein veg frå 1936, altså ein veg som var tilpassa hest og kjerre, vi må sjå på kor lett det er å kome seg fram, trafikkmengd, turisttrafikk, nyttetrafikk, dette med skuleveg, ras og rasfare. Det er ei rekkje kriterium vi tenkjer må leggast til grunn om ein skal kunne hevde å ha Norge sin verste veg, seier Flo med eit smil.

Den lengste flaskehalsen?

– Storebru–Hyen.

Olav Klungre er trygg på at han sit på ein sterk kandidat.

– Vi meiner det er den lengste flaskehalsen av dei regionale sambindingsvegane i fylket. Veldig lang og smal veg, dårleg kurvatur, samt ei veldig lunefull strekning der det kan kome stein rett ned i vegbana.

Alt i fjor tok han kontakt med Stryn kommune om tittelen.

– Beskjeden frå kommunen er at saka er under behandling og at skiltet ikkje er tilgjengeleg, seier Klungre.

Bubil–trailer 0–1

Tilbake mellom Storehaugen og Dale minnes Midtbø då han køyrde der med bubil.

– Det fristar ikkje å gjere det fleire gonger. Vi trefte på ein stor trailer, og sleit ei stund før vi klarte å passere kvarandre.

– De vart samde om kven som skulle rygge?

– Hehe, ja det vart faktisk meg, og med hjelp av kona så fekk vi det til, minnes Midtbø.