Hopp til innhold

Vegane er så dårlege at dei må legge att tømmer i vegkanten

BYGSTAD (NRK): Smale vegar som ikkje toler tyngda av vogntog, gjer at tømmerbilar må leggje att svære stokkar i vegkanten.

Gøran Kårstad, dårlege vegar tømmertransport

SMALT: Gøran Kårstad må gjere ei nøye vurdering av vegstandarden for å finne ut om han må leggje att tømmer langs vegkanten.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Ein trailer stoggar for å kople av hengaren som er fylt av tømmer. Han er ikkje framme, men han har ikkje noko val.

Kippkøyring heiter det, når du ikkje får med alt i eitt lass, men må køyre fram og tilbake.

Historisk har uttrykket særleg vore knytt til tømmerkøyring med hest, i bratte og kronglete parti når lasset måtte deles opp og fraktast i mindre vendingar.

I dag er kippkøyring ein øving folk flest forsøker å unngå når dei skal bringe varene frå bilen og inn i huset.

Men kippkøyring er også noko som skjer på norske vegar kvar einaste dag, seier Gøran Kårstad i Kårstad AS.

– Ein kjem til eit stadium der ein nesten ikkje får gjort det ein skal gjere, for du må berre køyre fram og tilbake, seier han.

– Det blir mange turar

NRK er med til Bygstad ved Dalsfjorden i Sunnfjord. Her er vegen så smal at sjåføren må kople av hengaren.

Herifrå må Karstad dra i skytteltrafikk til og frå eit nytt punkt der kan lesse av dei få tømmerstokkane han får med seg, før han snur og hentar ein ny last.

Og deretter same rutine på ny. Og på ny.

– Med så små kubikk, blir det mange turar for å fylle opp ein hengjar. Det er jo ekstraarbeid og tid, sukker sjåføren.

Helge Kårstad

TAPAR PENGAR: Kippkøyring gjer at ein får ekstrakostnader heilt opp til 70–80 kroner kubikken eller kanskje opp til 20–30 prosent av førstehandsverdien på tømmeret, seier Helge Kårstad.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Stor ekstrakostnad for skogeigarar

Ifølgje ein ny rapport frå Fylkesmannen i Vestland er kippkøyring ei stor ekstrakostnad for skogeigarar på Vestlandet samanlikna med skogeigarar på Austlandet.

Ikkje haldbart, seier Helge Kårstad, som prosjektleiar i Kystskogbruket.

– For tømmeret sin del betyr det at ein får ekstrakostnader heilt opp til 70–80 kroner kubikken eller kanskje opp til 20–30 prosent av førstehandsverdien på tømmeret.

I likskap med trailersjåføren meiner han at tida er overmoden for å ruste opp vegane, og viser til at det berre går an å køyre med vogntog på ein av fire kommunale vegar i Vestland.

– Ein mykje høgare del enn i resten av landet, forklarer han.

Vil fjerne flaskehalsane

I regi av Kystskogbruket er Transportøkonomisk institutt (TØI) nyleg engasjert til å utarbeide ein samfunnsøkonomisk nytteanalyse av å fjerne flaskehalsane.

Arbeidet skal skje i samarbeid med Fylkesmannen og vil i første omgang gjerast i Vestland og Rogaland.

Inger Beate Hovi er forskingsleiar i Transportøkonomisk institutt. Ho er invitert til Bygstad for å sjå flaskehalsane og kippkøyringa med egne auge.

– Når ein må køyre mange turar i staden for ein seier det seg sjølv at det påverkar lønnsemda for dei som sel tømmer, seier ho.

Konsekvensen er at mykje tømmer berre blir ståande – fordi det ikkje er lønnsamt å hente det ut, seier ho.