Hopp til innhold

Krigshelten sitt barnebarn: – Eg håper inderleg at ein unngår at senteret må stengje

Museet til ære for den store norske krigshelten Martin Linge er i ferd med å gå konkurs. Barnebarnet fortvilar over det som skjer.

KRIGSARKIVET - 2. verdenskrig

KRIGSHELT: Martin Linge (1894–1941) er ein av Noregs største krigsheltar. Han fall under Måløyraidet i romjula 1941 og er ein sentral del av Måløyraidsenteret.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

– Den negative utviklinga ved Måløyraidsenteret er veldig sørgeleg, seier Martine Linge (59), barnebarn til krigshelten Martin Linge. Ho var sjølv til stades då senteret vart opna med brask og bram av sjølvaste kronprins Haakon i august 2018.

– Senteret er utruleg flott og viser historia om bestefar og Måløyraidet på ein kjempegod måte. Eg har stor respekt for dei som gjennom frivillig innsats har bygd opp senteret, fortel barnebarnet.

Martine Linge håper styret ved Måløyraidsenteret greier å få inn friske midlar, slik at ein unngår konkurs.

– Eg håper inderleg at ein unngår at senteret må stengje dørene, seier ho.

Allierte soldatar under Måløyraidet

ALLIERT ANGREP: Her ser vi allierte soldatar under framrykking i Måløy den 27. desember 1941. Martin Linge vart skoten og fall under angrepet.

Foto: Castle Films/FDR Presidential Library

Har lån ut Linge sine eigedelar

Marine Linge fortel at familien har gjeve senteret tilgang til fleire eigendelar som tilhøyrde krigshelten. Det gjeld mellom anna fleire våpen, ein dolk, fotografi, bøker, dokument og ting frå barndomen.

– Uansett kva som skjer er det avgjerande at gjenstandane blir tekne vare på, seier ho.

Måløyraidsenteret sin økonomi er prekær og dei treng 8,9 millionar kroner for å overleve. Men onsdag vedtok formannskapet i nye Kinn kommune at dei ikkje ønskjer å støtte senteret økonomisk.

Kronprins Haakon åpner Måløyraid Senteret

OPNA AV KRONPRINSEN: Kronprins Haakon stod for den offisielle opninga av Måløyraidsenteret i august i fjor. Heilt sidan opninga har senteret slite økonomisk.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Skuffa styreleiar

– Utan økonomisk støtte frå kommune blir det konkurs, seier styreleiar Norvall Bakke. Han er skuffa over at politikarane ikkje ville bidra til å redde senteret.

Ein ser ofte at rike private aktørar kjem på banen i denne type saker. Er det signal om at private aktørar kan vere med og redde senteret?

– Nei, ikkje per i dag.

Familien har lånt ut fleire av Martin Linge sine gjenstandar. Er det no fare for at gjenstandane vil forsvinne?

– Det er ingen kreditorar som har krav på nokon av gjenstandane. Kva eigarane vil gjere veit eg ikkje noko om i dag, seier han.

Måløyraidsenteret

KRIGSHISTORIE: Måløyraidsenteret dokumenterer det allierte angrepet på tyske styrkar i Måløy romjula 1941.

Foto: BJARNE ELDEVIK

– Vanskeleg å starte på nytt

Bakke trur det kan bli vanskeleg å starte senteret på nytt etter ein eventuell konkurs.

– Etableringa av senteret bygde på entusiastar som jobba på dugnad. Korleis dette vil bli etter ein eventuell konkurs er høgst usikkert. Det er også usikkert kva som vil skje med dei statelege bidraga. Den beste løysinga vil utan tvil vere å berge senteret frå ein konkurs, seier styreleiaren.

Saka skal opp til endeleg avgjerd i Kinn kommunestyre i byrjinga av november.

– Vi håper framleis på ei løysing og jobbar hardt for å få det til, seier Bakke.

Soldatar ser brennande ammunisjonslager under Måløyraidet

MÅLØY I FLAMMAR: Soldatar ser brennande ammunisjonslager under Måløyraidet den 27. desember 1941.

Foto: Damon Cleary

Faren verva seg då bestefaren vart drepen

Martine Linge fortel at også far hennar, Jan Herman Linge, vart med i Kompani Linge, etter at bestefaren fall under Måløyraidet.

– Etter at Martin Linge fall i Måløy romjula 1941, drog far over til England og vart ein del av Kompani Linge. Historia har heile tida vorte ein viktig del av familien, seier ho.

Måløyraidet vart utført den 27. desember 1941. I tillegg til Martin Linge, fall 17 andre frå den norsk-britiske landgangsstyrken. På tysk side var det om lag 150 falne. Ni tyske skip vart senka og ei rekkje militæranlegg vart øydelagde. 96 bygg var skadde, over 20 heilt nedbrende.