Kinn formannskap vil ikkje gi midlar til konkurstruga senter: – Bittert og trist

Eit fleirtal i formannskapet i nye Kinn kommune sa i dag nei til å gi nødvendige midlar til Måløyraidsenteret i Vågsøy. Det kan bety kroken på døra for det konkurstruga krigshistoriesenteret.

Måløyraidsenteret

SA NEI: Formannskapet i nye Kinn kommune vil ikkje gi Måløyraidsenteret sårt tiltrengte midlar.

Foto: BJARNE ELDEVIK

Måløyraidsenteret i Vågsøy har vore i store økonomisk vanskar og treng 8,9 millionar kroner for å overleve. Men i dag vedtok formannskapet i nye Kinn kommune at dei ikkje ønskjer å støtte senteret økonomisk.

– Det er utruleg bittert og trist, seier Frank Willy Djuvik i Kinn Framstegsparti.

Saman med Høgre og Venstre stemte Framstegspartiet mot fleirtalet.

Store økonomiske problem

Senteret viser historia frå Måløyraidet under andre verdskrigen, og opna med brask og bram i august 2018. Ikkje lenge etter var det meld om økonomiske utfordringar.

– Det har skjedde ein del ting her som ikkje burde skjedd. Samtidig er styreleiaren tydleg på at senteret har livets rett, seier Djuvik.

Djuvik viser til at det er kostnader knytt til realisering av senteret som ikkje er dekt, og at styret meiner ein kunne hatt god drift om ein får hjelp over kneika.

Frank Willy Djuvik

BITTERT: Framstegspartiet og Frank Willy Djuvik var usamde med fleirtalet i formannskapet i Kinn.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

– Det er synd viss ein mister eit så viktig senter som fortel ein viktig del av norsk og internasjonal krigshistorie, seier Djuvik.

– Er det no over og ut for senteret?

– Eg håpar no at kommunestyret i Vågsøy tar saka på nytt og seier at ein gjer dette uansett. Men eg fryktar at styreleiaren og styret ikkje kan vente så mykje lenger med å krevje oppbod og at det difor får mot ein konkurs, seier Djuvik.

Stram økonomi

Påtroppande varaordførar i nye Kinn kommune, Sidsel Kongsvik (Sp), var mellom dei som stemte imot å gi Måløyraidsenteret pengar. Ho synest saka har vore vanskeleg.

– Kinn får store økonomiske utfordringar framover og vi må nok kutte. Å skulle innvilge nesten 9 millionar kroner til Måløyraidsenteret, tenkjer eg ikkje er forsvarleg, seier ho.

– Eg håpar ein får til ei ordninga så ein kan berge senteret, men å løyve 9 millionar kroner kunne ein ikkje gjere.

Tove Lill Refvik Volle sit i formannskapet for Arbeidarpartiet, som også stemte imot.

– Det er ein stram økonomi og vi ville ikkje prioritere Måløyraidsenteret framfor Nordfjordbadet, utbygginga av Kulatoppen eller opprusting av Skram skule, seier Volle.

– Senteret er fantastisk, men eg meiner det ikkje er ei kommunal oppgåve å drifte det.

– Ei vanskeleg sak

Avtroppande Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) seier Kinn formannskap må ta dei avgjerdene dei meiner er riktige for den nye kommunen.

– Det er ei frykteleg vanskeleg sak. Kommunestyret i Vågsøy enda på at ein ville tilrå å løyve desse midlane, men eg skjønnar det blir diskusjonar, seier Maurstad, som meiner senteret er viktig for Måløy.

– Vi vil så gjerne at Måløyraidsenteret skal ha livets rett, men eg skjønnar at det er vanskeleg å løyve så store summar over ei kommunalt budsjett som i utgangspunktet er trongt.