Soldatar ser brennande ammunisjonslager under Måløyraidet
Foto: Damon Cleary

Trakka over lik i gata

Folk flykta ned i kjellarane sine medan bombene hagla over byen. I gatene kjempa soldatar på liv og død. Først fleire timar seinare torde innbyggjarane å gå ut.

Rune Fossum

– Vi var redde. Trudde den siste stunda hadde komme, seier Brith Henden (95).

Ho var blant dei mange måløyværingane som måtte søkje tilflukt i kjellarane, då dei allierte gjekk til angrep på tyskarane i Måløy tredje juledag 1941.

Det var eit inferno av bomber, fosfor, brannar, eksplosjonar og skotvekslingar. Seks timar seinare var store delar av byen øydelagt. Folk kikka ut på eit uverkeleg syn.

– Døde tyskarar låg strødd. Det var fælt. Byen stod i brann, skildrar Henden.

27. desember er det 75 år sidan dei allierte sette i verk Operation Archery i Måløy og Sør-Vågsøy. 576 kommandosoldatar med støtte frå omfattande luft- og sjøstridskrefter gjekk til angrep på den vesle kystbyen. Nokre timar seinare låg 150 tyske soldatar døde tilbake, 52 allierte hadde mist livet – og byen stod i lys lue.

Måløy, 27. desember 1941 – klokka 09:30. Brith Henden (20) har komme på jobb i butikken. Ho ventar at mange vil komme innom for å kjøpe brød denne laurdagen. Ein tyskar kjem og ber ho om å gå i dekning i næraste kjellar – for no vil det bli farleg. Då høyrer 20-åringen flydur. Ho går over gata og inn i ein kjellar der det er samla mange andre frå før. Dei er livredde, men heldigvis er det tjukke murar der. Så brakar det laust.

– Det kom stadig tyskarar inn og spurte etter ei trapp til etasjen over, då dei var ute etter ein stad dei kunne skyte mot engelskmennene. Men det fanst inga trapp. Så vart dei skotne sjølve – rett utanfor døra, seier Henden.

– Alt var så uverkeleg. Båtane kom så stille inn fjorden, og så stod øya plutseleg i brann. Det var forferdeleg då dei skaut opp lysa og byrja å bombe. Eg var sikker på at det var verdas undergang. Det var ingen spøk, seier ho.

Terje Sølvberg og Odd Oldeide framfor monumentet av Martin Linge

TIL MINNE OM LINGE: Terje Sølvberg og Odd Oldeide framfor monumentet av Martin Linge i Måløy sentrum. Den norske motstandsmannen vart skoten og døydde på trappa til Ulvesund Hotel, som stod der Lingeparken er no.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Om morgonen 27. desember 1941 var det mørkt i Måløy. Det hadde snødd om natta, men no var det klarvêr, og det såg ut til å bli ein fin dag. Litt over klokka halv ti braut derimot infernoet laust. Medan landgangsfartøya fossa inn fjorden mot byen, stupte bombefly ned og sleppte dødbringande last over tyskarane sine forsvarsverk.

Laster kart, vennligst vent...

MÅLØYRAIDET: Dei allierte styrkane kom inn Vågsfjorden frå vest, og gjekk til eit massivt angrep på Måløyna og Måløy sentrum. Ved Skramselva vart det stillingskrig, før tyskarane gav seg.

Kryssaren «Kenya» med 730 mann om bord fyrte av ei stor salve med lysgranatar, og med eit drønn vart det dagslys over Måløy. Jagarane opna eld med kanonar. I løpet av ti minutt vart den vesle øya Måløyna like utanfor bysentrum treft av 540 bomber og granatar. Alle hus og forsvarsverk på øya vart utsletta. Heile byen rista då eit stort ammunisjonslager gjekk i lufta.

Alle kanonstillingar og antiluftskyts vart øydelagde. Etter få minutt gjekk soldatane i land i Måløy frå troppetransportskipa. Under leiing av brigader J. C. Haydon vart styrken delt i tre: Ei gruppe tok seg fram langs fjøra, ei gruppe følgde hovudvegen, og ei tredje gruppe rykte fram i åssida over byen.

Måløy, 27. desember 1941 – klokka 09:50. Klara Holvik (27) steller seg før ho skal på jobb på meieriet. Brått høyrer ho flydur, og bestemmer seg for å sjekke kva det kan vere. Ho opnar ytterdøra og ser at byen blir bomba. Borte ved to nabohus skyt soldatane på kvarandre. Andre spring nordover i byen. Klara søkjer dekning i kjellaren. Der får ho selskap av dei som bur i etasjen over.

– Javisst var vi redde. Men vi hadde ikkje vit til å vere så redde som vi burde ha vore. Det hadde nok vore annleis i dag, seier Klara Holvik.

Ho har blitt 102 år, men hugsar den mørke dagen som om det skulle ha vore i går. Holvik er eitt av dei siste augevitna til det som seinare skulle bli ståande som Måløyraidet – det første dømet på ein såkalla Combined Operation frå dei allierte under krigen. Av mange sett på som eit angrep som gav tru på alliert suksess under landgangen i Normandie nokre år seinare.

Brith Henden sit i ein stol på rommet sitt

GØYMDE SEG: Brith Henden var ein av mange måløyværingar som søkte tilflukt i ein kjellar under den allierte aksjonen i byen.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Og kanskje ei hending som gjorde at Hitler byrja å miste grepet på Europa.

Samstundes låg størsteparten av den livredde lokalbefolkninga i dekning i kjellarane sine. Utanfor raste kampane mellom tyske soldatar og dei allierte angriparane. Engelskmennene tvinga motstanden frå skanse til skanse nordover i byen. Nokre av dei sivile kom opp i livstrugande situasjonar ute i gatene – andre måtte gøyme seg i lagerskur.

Brith Henden er glad kjellaren ho sat i hadde tjukke murveggar.

– Men eg veit ikkje kor trygge vi faktisk var. Eg høyrde skyting. Det pepra mot huset. Og det kom det ei kule og small inn i veggen like over hovudet mitt, seier nordfjordingen medan ho viser med fingrane. Seks-sju centimeter var alt som skilte ho frå å bli skoten.

– Antakeleg skulle eg ikkje gå med den gongen heller, seier 95-åringen og humrar.

– Men det var nære på...?

– Ja, det var nært, seier ho ettertenksamt.

Mange mistolka angrepet og byrja å håpe at krigen gjekk inn i ei siste fase. At Norge snart var fritt. Det skulle snart vise seg at så slett ikkje var tilfelle.

Klara Holvik i samtale med Terje Sølvberg

VAR VAKSEN: Klara Holvik var 27 år under Måløyraidet. 102-åringen hugsar godt den mørke dagen.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

For Måløyraidet var eit omfattande militært eksperiment. Det var første gong dei allierte sette i gang eit større kombinasjonsangrep med alle dei tre våpengreinene flyvåpen, infanteri og marine på éin gong.

Arkitekten bak var den britiske statsministeren sjølv. Sir Winston Churchill ønskte seg tyske lik for å skremme tyskarane, og samstundes motivere sine eigne hardt prøvde landsmenn. Samstundes var Måløy ein strategisk viktig stad for tyskarane, som god hamn på eine sida av det vêrutsette Stadhavet.

Dessutan var sildoljeproduksjonen i Måløy viktig. Sildolje herifrå vart brukt både til hermetisk soldatmat – og ikkje minst til å produsere sprengstoff i Tyskland.

Sjå amerikansk filmavis om Måløyraidet:

Oldeide, 27. desember 1941 – klokka 10:00. Odd Oldeide (11) høyrer flyduren allereie før det blir lyst. Han går bort til stovevindauget, der han har full oversikt over alt som skjer på den andre sida av Vågsfjorden. Han ser Måløy bli bombardert frå fly og skip, og han blir vitne til at eit tysk jagarfly skyt ned eit engelsk fly. Den engelske piloten styrtar i fjorden berre 200–300 meter ifrå 11-åringen. Oldeide blir ståande i vindauget.

– Det var surrealistisk. Vanskeleg å setje ord på, seier Oldeide.

Eg høyrde kulene kvein i lufta då dei fór forbi

Odd Oldeide

86-åringen kunne sjå kryssaren «Kenya» ute på Vågsfjorden. Den låg bak Gåsholmen for å vere i dekning av kanonbatteriet på Tangane. Angrepet frå krigsskipet vart støtta av jagarane «Onslow», «Oribi», «Offa» og «Caddingfold».

Allierte soldatar under Måløyraidet

SOLDATAR I KAMP: Dei allierte gjekk til angrep mot tyskarane i Måløy med 576 kommandosoldatar.

Foto: Castle Films/FDR Presidential Library

Oldeide hugsar at han vart ståande og sjå på dramaet som fann stad. Samstundes rodde ein onkel ut på fjorden for å sjå etter overlevande etter flystyrten. Han fekk fiska opp ein død engelsk pilot, og gøymde han under ein stein på ein holme.

11-åringen hadde god avstand til kamphandlingane, men det var ikkje ufarleg.

Skisse over Måløyraidet

MÅLØYRAIDET: Slik gjekk dei engelske soldatane til angrep på tyskarane i Måløy.

Foto: Skjermdump frå "Måløyraidet" - starten på Hitlers nederlag

– Eg vart ståande og sjå på, og høyrde kulene kvein i lufta då dei fór forbi. Vi var vande til det, då det var mykje bombing og skyting mot konvoiar i fjorden. Men klart det var farleg for oss, seier Oldeide.

– Det var nifst, samstundes som det var spennande å følgje med. Det var store eksplosjonar når krigsskipa skaut mot kanonstillingane, seier han.

Måløy, 27. desember 1941 – klokka 10:30. Kaptein Martin Linge samlar mennene sine for å gå laus på hovudoppgåva til den norske troppen: Å ta seg inn i det tyske hovudkvarteret på Ulvesund Hotel og få med seg mest mogleg dokument og skriftleg materiale. Angrepet må gjerast raskt, så tyskarane ikkje rekk å øydeleggje viktig informasjon. Linge står på trappa og ropar for å sjekke om det er folk der inne. Det kjem ikkje ein lyd. Han opnar døra. Der sit det ein tysk soldat, som tømmer magasinet i kroppen til den norske motstandshelten. Linge døyr på dørstokken til hotellet.

– Tyskarane hadde 300 mann i Måløy, og om lag 200 av dei var aktive her i gata. Frå dei allierte var det 400 mann. Og alle skaut på kvarandre for å drepe, seier Terje Sølvberg.

Han har engasjert seg i historia til Måløyraidet, og mellom anna gitt ut bok om det som skjedde tredje juledag for 75 år sidan. Han viser NRK staden der Martin Linge vart skoten. Her er det ikkje lenger noko hotell, då det brann ned til grunnen under Måløyraidet. I staden er det laga ein liten park med minnemonument over Linge.

Under aksjonen var kampane på sitt mest intense i dette området. Folk kunne høyre knitring frå automatvåpen, tunge eksplosjonar og flydur. Skadde soldatar ropte på hjelp. Varmen frå brennande hus var intens. Dei allierte pressa tyskarane stadig nordover, heilt fram til Skramselva midt i sentrum.

– Sivilbefolkninga gjekk ned i kjellarane sine for å komme seg i tryggleik. Men fleire hus vart sett fyr på, og då måtte dei flytte seg ute – midt under skotvekslingar og granatnedslag, seier Sølvberg.

I kjellarane rår ei trykka stemning. Folk hukar seg saman når granatane sender trykkbølgjer gjennom byen. Nokon må hjelpe skadde tyskarar eller engelskmenn som kjem inn til dei. Andre har sett døde tyskarar hengje ut av vindauge i privathus.

Mange faldar hendene og vender seg til Vårherre.

– Eksplosjonane var forferdelege. Eg trudde det var over og ut, seier Henden.

Ved Skramselva vart det stillingskrig mellom dei britiske og tyske soldatane. Styrkane skaut på kvarandre heilt til tyskarane gjekk tomme for ammunisjon. Den dag i dag er det kulehol i grunnmuren på det eine huset.

Terje Sølvberg med kulehola frå Måløyraidet i bakgrunnen

SYNLEG BEVIS: Terje Sølvberg har engasjert seg i krigshistoria til Måløy. Her står han framfor åtte kulehol i murveggen på eit privathus i sentrum. Dei kom som eit resultat av stillingskrigen mellom tyskarane og dei allierte midt i Måløy sentrum.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Måløy, 27. desember 1941 – klokka 15:00. Det har blitt stille. Veldig stille. Engelske krigsskip gjer seg klare for å reise. Dei første innbyggjarane torer å kikke ut dørene i kjellarane sine. Synet som møter dei er ikkje mogleg å gløyme. Måløy står i brann, den sørlege delen av sentrum er rasert – og overalt ligg det døde tyskarar. Byen slik dei hugsar den eksisterer ikkje. Den er ein brennande og rykande ruin.

– Eg måtte trakke over døde tyskarar som låg rett utanfor døra. Det var ekkelt, hugsar Brith Henden.

Mellom landgangsstaden på Sæterneset og Skramselva midt i byen blir det funne 162 lik – 150 tyske og 12 allierte soldatar. Mange av dei ligg i Gate 1.

I den sørlege delen av Måløy sentrum står meir enn tjue privathus i brann. Nesten 100 hus er sterkt skadde. Fleire av dei store fiskebodane har blitt sprengde. Fiskebåtar og kaiskur går opp i flammar.

Måløyværingane er i sjokk. Men kor er dei som skulle frigjere dei?

Det går ikkje lang tid før dei forstår at dei allierte er i ferd med å reise frå den utbomba byen. Mange innser at tyskarane vil reagere med represaliar.

– Den første tanken min var at eg ville vere med soldatane tilbake til England med krigsskipa, seier Henden.

Ho byrja å gå mot Sæterneset heilt sør i byen, der soldatane hadde komme i land. Då kom det ein kar imot ho. Han kunne fortelje at båten var borte. Admiral Burrough hadde gitt ordre om å sigle frå Måløy klokka 15:34.

Engelskmennene hadde utført det dei skulle og gitt signal om retrett. Då troppane var samla og om bord i fartøya, trekte dei seg ut Vågsfjorden.

Måløyraidet med hakekorsflagg som trofé

SIKRA TROFÉ: Allierte soldatar på veg tilbake til Shetland etter Måløyraidet – med hakekorsflagg som trofé.

Foto: Ukjend

– Då måtte eg berre gå heim att, sjølv om eg var rasande på tyskarane. Eg ville jo helst vere med for å bidra i krigen, seier Henden.

I alt takka 77 måløyværingar ja til tilbodet frå dei allierte soldatane om å bli med tilbake til England. Dei kasta alt dei hadde i hendene og gjekk om bord i båtane. Om bord i krigsskipa var også 102 fangar, deriblant fire norske nazistar – mellom andre ordførarane i Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy.

Måløy i brann etter Måløyraidet

ØYDELAGT: Måløy sentrum stod i brann og var ikkje til å kjenne igjen etter at dei allierte soldatane trekte seg ut.

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Då dei allierte jagarane gjekk til angrep på to tyske handelsskip, som kom uforvarande inn Ulvesundet under aksjonen, vart ein sivil tilskodar på land treft av stålsplintar. Ragnvald Torheim stod på land, og vart drepen – som den einaste sivile under Måløyraidet. Fem andre menn vart hardt skadde.

Det kan umogleg ha vore lett å finne ro til å sove for innbyggjarane den kvelden. Dei stuper slitne til sengs, men er prega av mange sterke opplevingar og inntrykk. Gjennom natta blir dei vekt fleire gongar av tyske soldatar og Gestapo som leitar gjennom husa på jakt etter norske og engelske soldatar.

Neste dag byrjar tyskarane med represaliar mot sivilbefolkninga. Alle blir sjekka og forhøyrde. Mellom 40 og 50 mann blir samla på torget, der dei må stå rett opp og ned og vente lenge framfor maskingeværløp, før dei blir jaga heim.

– Om morgonen vart mannen min og broren hans kommanderte ned i gata. Dei såg mykje fælt. Det låg døde folk inne i krokane langs gatene, seier Klara Holvik.

Tyskarane kjem også på besøk til Odd Oldeide og familien på Oldeide. Dei hadde sett at nokon rodde ut til det engelske flyet som hadde styrta i fjorden, og no ville dei undersøkje nærare.

– Vi største gutungane prøvde å unngå å svare, og sa at vi ikkje hadde sett noko. Men ein av brørne mine plapra om at onkelen hadde rodd bort og funne ein mann. Det vart heldigvis ikkje represaliar av det, seier Oldeide.

Britiske kommandosoldatar med tyske krigsfangar etter Måløyraidet

TOK FANGAR: Britiske kommandosoldatar med tyske krigsfangar på veg til troppetransportskipa etter Måløyraidet.

Foto: Damon Cleary

I dagane etter aksjonen vart fleire frå lokalbefolkninga sett til å hjelpe tyskarane med å rydde i gatene. Dei mange lika fraus fort til, og stivna i mange groteske stillingar. Dei døde vart stabla som i store vedstablar langs husveggar.

Det vart raskt mangel på kister, og fem lokale snikkarar fekk i oppgåve å lage så mange kister som mogleg – og så raskt som råd. Den eine hadde to 16 og 14 år gamle søner, som såg tyskarane leggje to og to tyske lik i kistene. Soldatane måtte bruke makt for å få dei frosne kroppane på plass.

Soldatar og sivile fraktar bort skadd mann under Måløyraidet

SKADDE OG DREPNE: Dei allierte miste 52 soldatar under Måløyraidet, tyskarane hadde 150 falne.

Foto: Castle Films/FDR Presidential Library

Andre var i krise. Hadde mist hus og heim. Dei stod på berr bakke.

– Folk i Måløy var flinke til å hjelpe. Vi passa på kvarandre, seier Klara Holvik.

– Eg vil påstå at det var verdt angrepet. Eg trur det snudde litt av krigen, seier Odd Oldeide.

Seks britiske fly vart skotne ned over Måløy. Lenger sør vart fem andre britiske fly skotne ned under eit angrep mot Herdla flyplass – eit avleiande flyangrep som skulle hindre tyskarane i å setje inn fleire fly frå Stavanger i kampane over Måløy.

Under angrepet senka dei allierte åtte tyske skip på til saman 25.000 tonn. I alt fall 52 allierte soldatar under angrepet, av desse 18 kommandosoldatar, to marinesoldatar og 31 soldatar frå flyvåpenet – og kaptein Martin Linge.

Tilbake sat måløyværingane med ein utbomba og herja by. Med inntrykk og opplevingar dei ikkje gløymer så lett.

Du kan leggje det bak deg, slik at du ikkje tenker på det heile tida. Men så kjem det fram igjen, og då kjem det grufulle fram. Det går ikkje an å slette det heilt. Det er inne i hjernen, og der må det liggje, seier Brith Henden.

Kjelder: Tande-P og Terje Sølvberg: "Måløyraidet – starten på Hitlers nederlag", allkunne.no, Imperial War Museums.

Utsikt over Måløy sentrum

DET MODERNE MÅLØY: Slik ser Måløy ut i dag – 75 år etter at sentrum vart øydelagt under den Operation Archery. Kamphandlingane gjekk stort sett føre seg i den sørlege delen av byen, nede til høgre i biletet.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK