Hopp til innhold

– Vi krev respekt for eigenarten til læraryrket

Nærmare 100 lærar møtte i dag opp i forsamlingslokalet Viking i Førde, streikehovudkvarter for lærarane som er i streik.

Lærarstreik

KLARE FOR STREIK: Rundt 100 av dei 113 lærarane som er tekne ut i streik var i dag samla i Førde. Målet er å verte synlege i gatebilete og fortelje kvifor dei streikar.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

Totalt 113 lærarar ved Førde ungdomsskule, Halbrend skule og Hafstad vidaregåande skule streikar.

– Det er flott å sjå aktiviteten. Vi har hatt ein god start. Det var ein spanande dag i går, med masse engasjerte og ivrige lærarar som har gjort ein kjempejobb, seier streikeleiar Sissel Sande.

Lærarstreiken er i gong for alvor. Lærarar ved tre skular i Førde er så langt tekne ut. Landet over er 22 kommunar, 18 fylkeskommunar er no påverka av streiken. 5500 lærarar ved 132 ulike skular er tekne ut av arbeid.

Vil gjere seg synlege

Elin Eimhjellen

UTAN MAT OG DRIKKE: No må vi førebu oss til kaffiglade og sveleglade streikande kjem, seier Elin Eimhjellen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I dag er det andre dag på streikevakt i Førde. Med kvite t-skjorter med ein klar beskjed, er målet å synast i Førde.

– Vi legg opp til at folk skal sjå at vi er i streik, og verte godt kjende med bodskapen og kvifor vi streikar, seier Sande.

Det vil dei gjere både formelt og meir uformelt.

Onsdag kveld vert det streikemarkering med appellar og helsingar på Førde hotell. Der er både dei streikande og alle medlemmane i lokallaget inviterte. Men allereie tysdag føremiddag var det utetrim i parken.

– Vi skal vise att i sentrum. Vi vil gjere alle i Førde klar over at lærarane er i streik, og vi vil at dei skal vite kvifor vi er i streik.

– Ja, kvifor streikar de?

– Fordi vi vil ha ein god skule. Vi protesterer mot den retninga som KS har sikta skulen inn mot. Det er noko vi ikkje kan vere med på. Vi føler det vil gje oss dårlegare arbeidsvilkår. Vi kan ikkje då gjere ein god jobb for elevane, seier streikeleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sissel Sande

RESPEKT: Vi treng respekt for det særeigne og spesielle ved yrket for å gjere ein god jobb for elevane, seier streikeleiar i Førde, Sissel Sande.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi treng respekt for det særeigne ved yrket

Ho vil ikkje vere med på at berre er minimale skilnader mellom den eksisterande arbeidsavtalen og den som vart framforhandla av KS og Utdanningsforbundet, den som lærarane sa nei til i uravstemminga.

– Det er meir enn berre detaljar i avtalen. Det er ein tendens og ei retning vi har sett i lang tid: KS vil styre oss inn mot normalarbeidsdag. Læraryrket er eit spesielt yrke og vi treng aksept for det spesielle og særeigne yrket, og arbeidsvilkår som gjer at vi kan gjere ein god jobb for elevane.

– Kvifor treng de fleksitid: Det er veldig mange andre yrkesgrupper som ikkje treng det?

– Vi har tre element i det å vere lærar: Når vi underviser står vi klasserommet, gir av oss sjølve, formidlar fagstoff på ein god måte, og vi skal halde ro og konsentrasjon i klassen og gjere det interessant for elevane. Dette er krevjande.

I tillegg kjem planlegging av nye timar, og vurdering og evaluering av elevane sitt arbeid. Til det treng ein ro og konsentrasjon, meiner streikeleiaren.

– Men er ikkje det mogleg å gjere innanfor ein 8–16 jobb på arbeidsstaden?

– Ein treng å kvile hovudet og byrje opp att. Då må ein ha moglegheit til å ta ein pause, og gå på att når ein har overskot til å gjere ein god jobb. Eit trongt og overfylt lærarkontor, med avbrot, gjer det vanskeleg å gjere den gode jobben.

– Veldig rart, men veldig nødvendig

Gørild Benjaminsen og Steinar Strømsli

STREIKEKLARE: Både Gøril Benjaminsen og Steinar Strømsli støttar streiken heilhjarta, og meiner det er nødvendig å nytte streikevåpenet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Steinar Strømsli er streikevakt i dag. Til vanleg er han assisterande rektor på Halbrend skule. Han stod på stand i dag, og tykte det var ei god oppleving. Mykje folk samla, seg, både gamle og unge, fortel Strøm

– Vi bakte sveler, lukta breidde seg, og folk kom til, både gamle og unge. Eg vil trekkje fram ei 10. klasse-jente frå Sande som kom bort til oss og sa «eg veit at de ikkje streikar for pengar, men at de streikar for ein god arbeidssituasjon, og det støttar eg.» Det varmar eit lærarhjarte.

– Men det er sikkert ein heil del som ikkje kan fatte og begripe desse lærarane: all denne ferien, og no skal dei attpåtil streiken?

– Det forstår eg. Læraryrket er spesielt, og har ein eigenart. Då må vi har ei fri arbeidstid som tillèt at vi klarar å gjere ein best mogleg jobb.

Gørild Benjaminsen skulle eigentleg hatt første arbeidsdag på Hafstad vidaregåande i dag. Hafstad vidaregåande skule tilbyr både allmennfagleg og yrkesfagleg utdanning. Skulen har om lag 470 elevar og 65 tilsette. Men Benjaminsen måtte i streik.

– Det var veldig rart, men samtidig veldig nødvendig. Er vi ueinige må vi vise at vi er det, for vi må ha ein arbeidsdag vi kan leve med.

– Kunne du ikkje heller tenkt deg å vore på arbeid og førebudd skuleåret no?

– Jo, men samstundes vil arbeidsåret mitt verte mykje betre om vi får gjennom krava vi har om arbeidstid.