Hopp til innhold

Lærarane trappar opp streiken

Frå og med i dag går 113 medlemer av Utdanningsforbundet ut i streik i Sogn og Fjordane.

Lærarar streiker i Førde

STREIK: Frå og med i dag går 5500 medlemer av Utdanningsforbundet ut i streik, 113 av dei i Sogn og Fjordane. Her er lærarar i streik ved rådhuset i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

Frå og med i dag vert lærarstreiken trappa kraftig opp. 5 500 lærarar organisert i Utdanningsforbundet blir tekne ut i streik, 113 av dei i Sogn og Fjordane.

Tre skular her i fylket er råka av streiken, alle tre i Førde. Dei er Hafstad vidaregåande skule, Førde ungdomsskule og Halbrend skule. Ved dei to sistnemnde skulane er også rektorane tekne ut i streik.

Partane møtast måndag

For første gong på to veker møter partane kvarandre til formelle samtalar klokka 16.00 hos Riksmeklaren.

I førre veke signaliserte KS at dei var villige til å snu alle steinar for å kome vidare i konflikten, samt at dei ville sjå på det omstridde kravet om kor mykje bunden tid lærarane skal ha på skulen.

– Treng noko tid

Men det er likevel liten grunn til å tru at ei løysing er like rundt hjørnet, ifølgje riksmeklar Nils Dalseide.

– Slik eg har oppfatta det no er det mange spørsmål vi må diskutere og arbeide med, og då er det rimeleg å tru at vi treng noko tid på det, seier han til NRK.

I Førde startar planleggingsdagane ved Hafstad vidaregåande skule i dag, trass streiken. Men ved Førde ungdomsskule og Halbrend skule vert det ikkje skuledrift før streiken er over. Det fortalde kommunalsjef i Førde, Helge Sæterdal, til NRK førre veke.