Hopp til innhold

Foreslo aldri 7,5 time

Lærarane aksepterer ikkje kravet om at dei skal vere 7,5 timar på skulen kvar dag, og går til storstreik frå mandag. Men no seier arbeidsgjevaren KS at dei aldri kom med eit slikt krav.

Per Kristian Sundnes i KS

Forhandlingsleiar Per Kristian Sundnes i KS.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

I går varsla Utdanningsforbundet at 5500 lærarar vil vere i streik frå komande mandag.

Samtidig sa KS i går at dei no er villige til å snu alle steinar for å unngå streik – inkludert å diskutere det omstridde kravet om at lærarane skal vere 7,5 timar på skulen dagleg.

Og no signaliserer forhandlingsleiar Per Kristian Sundnes i tillegg at talet aldri har vore det viktigaste for hans organisasjon. KS kom nemlig aldri med eit slikt krav i forhandlingane eller meklinga, seier han.

– Eg vil understreke at det ikkje er vårt forslag det med 7,5 timar. Dette var eit forslag som meklaren la fram, seier Sundnes til NRK.

Sundnes peikar derimot på at det var Riksmeklaren som kom med det omstridde talet i sluttfasen av meklinga.

Les: Slik blir lærerstreiken trappet opp

Stadfestar

Partar i ei mekling har teieplikt om det som skjer hos Riksmeklaren, men NRK har vore i kontakt med mange som har hatt innblikk i det som skjedde under meklinga i vår.

Fleire kjelder stadfestar uavhengig av kvarandre det Sundnes seier: KS kom aldri med noko talfesta krav til kor lenge lærarane skal vere på skulen.

I dei innleiande fasane snakka partane om andre tema. Kor mykje undervisningsplikt kvar enkelt lærar har og kor mange veker arbeidsåret skal vare var langt viktigare tema enn antal timar på skulen kvar dag.

Det var først dei siste dagane hos Riksmeklaren at talet 7,5 timar kom på bordet. Nokre av dei mindre organisasjonane som var involvert vart ikkje ein gong gjort kjent med talet før seint den siste natta i meklinga.

Les: – En eksepsjonell streikesituasjon
Les: KS: – Villige til å diskutera alt

Samarbeidskultur

Men sjølv om KS aldri hadde talfesta noko krav, så var KS opptekne av at lærarane må vere meir tilstades på arbeidsplassen enn i dag.

Når meklaren til slutt kom med ei skisse som talfesta dette, så meinte KS at det var eit godt forslag.

– Det var veldig viktig for KS å få ein avtale som legg til rette for å utvikle ein samarbeidskultur i norsk skule. Det meklaren la fram syntest vi ivaretok dette på ein tilfredsstillande måte, seier Sundnes.

Lærarane si største fagforeining Utdanningsforbundet analyserte situasjonen slik at dette var eit område der dei måtte gje noko til arbeidsgjevarsida.

– Ei skisse er eit kompromiss

Leiaren i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, kommenterer Sundnes sine påstandar slik:

– Eg vil ikkje uttale meg konkret om noko av det som skjer i mekling for det er underlagt teieplikt. Men generelt kan eg seie at ei meklingsskisse er ofte eit kompromiss, og når ein får eit kompromiss så er jo det som oftast ikkje det enkeltpartar har ønska seg.

NRK har spurt meklar Reidun Vallevik om 7,5-forslaget kom frå henne. Ho seier til NRK at ho ikkje kan kommentere påstandar om det som har skjedd i mekling på grunn av teieplikta.

AKTUELT NÅ