Hopp til innhold

Krangel om korrupsjon i det første kommunestyremøtet

Det gjekk heitt for seg under det aller første kommunestyret i Sunnfjord. Skuldingar om ein «korrupsjonsliknande» avtale tek varaordføraren sterk avstand frå.

Kjell Navelsaker (uavhengig) og Jenny Følling (Sp)

USAMDE: Dei to skulle eigentleg ha tilhøyrt same politiske blokk, men Kjell Navelsaker melde seg ut av Høgre etter valet då det var kjent kor mykje Jenny Følling (Sp) ville tene som varaordførar.

Foto: NRK

– Det er uhøyrt og feil, og eg opplever det som injurierande, seier Jenny Følling (Sp), den nye storkommunen sin varaordførar.

Sunnfjord fekk ein brutal start på sitt aller første kommunestyremøte i dag.

Kjell Navelsaker skulda påtroppande ordførar Olve Grotle og varaordførar Jenny Følling for «korrupsjonsliknande tilstandar» i forhandlingane.

Navelsaker melde seg ut av Høgre i protest straks etter valet, då det var kjent kor mykje Følling ville tene som varaordførar. Fleire reagerte då dei trudde at Følling skulle få ei årsløn på over 1,3 millionar kronar.

Etter eit pressemøte gjorde Høgre og Senterpartiet det klart at Følling skulle få 75 prosent av ordførarløna, om lag 945.000 kroner. Dei reelle utgiftene vert sannsynlegvis enda lågare for kommunen.

Navelsaker sit no som uavhengig kommunestyrerepresentant. Han sa han ikkje har tillit til verken ordførar Olve Grotle (H) eller Jenny Følling.

– Kalla du det korrupsjon?

– Etter den lærdomen eg har hatt tidlegare, så kan desse sakene likne på korrupsjon – eller ha korrupsjonstendensar i seg, svarar Navelsaker.

Han understrekar at han ikkje er i ein posisjon til å avgjere om det kan vere snakk om korrupsjon reint juridisk.

– Det er Økokrim som styrer med slike saker, seier Navelsaker, men understrekar samtidig at han ikkje har kontakta politiet i denne samanhengen.

Det var ikkje berre varaordførar Følling som mislikte karakteristikkane frå Navelsaker. Under debatten tok både Jølster-ordførar Oddmund Klakegg og Gaular-ordførar Mathias Råheim ordet. Dei tok begge kraftig avstand frå det Navelsaker hadde sagt.

Følling kjem til å ta ein ekstra kikk på videoopptaket av kommunestyremøtet, for å best vite korleis ho skal handtere saka vidare.

– Eg vil sjå meir på kva han faktisk sa. Med så sterk kost er det vanskeleg å forstå at han kan seie dette. Vi kan ikkje ha det sånn i Sunnfjord kommunestyre.

Ho og Olve Grotle vart likevel valde til høvesvis varaordførar og ordførar – med stort fleirtal.