Hopp til innhold

1300 personar manglar straum - køyrer inn aggregat for å sikre straum

Rundt 1300 menneske, fordelt på 600–700 husstandar, er heilt utan straum i Lærdal. Aggregat er på veg, og ein har håp om at straumen er tilbake til normalt nivå i løpet av natta og måndag morgon.

Utbrend tomt

STORE SKADAR: Over tusen personar er utan straum i Lærdal søndag kveld. Truleg får fleire att straumen i løpet av natta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Status er at ein har forsyning frå nord som forsyner utkantane av Lærdal, men den har ikkje kapasitet til å forsyne hovudsenteret, så i sentrum er det svært avgrensa kapasitet til utvalde objekt og kundar, seier Aase.

Ein har allereie fått tak i ein del store aggregat. Nokon har komme til Lærdal allereie, andre er på veg.

– Det kjem fleire tidleg i kveld. Vi trur at ein skal vere oppe på nesten normal forsyning via aggregat i løpet av natta og i morgon føremiddag, seier Aase.

Har ikkje fullstendig oversikt

Men sjølve hovudreparasjonen vil ta noko tid, for skadane er store etter den intense brannen som tok til seint laurdag kveld, og heldt fram med same styrke langt ut på søndagen.

– Viss ikkje noko spesielt skjer, så vil aggregata gi nesten normal forsyning, seier Aase.

Ei fullstendig oversikt over kor store skadane er, har ein førebels ikkje.

– Hjartet i straumforsyninga til kommunen ligg i sentrum, og den er nedsota og nedbrend. Det er skadar på ein del kablar som må reparerast, det må skøytast og det er også nokon høgspentavgangar som er øydelagde. Men full oversikt har vi ikkje, seier Aase.

Kan ikkje hugse liknande

Han trur at ein først måndag vil ha ei tilnærma full oversikt over kor store skadane er.

– Vi trur at det iallfall vil ta to-tre dagar å få reparert ting, men det er eit estimat dersom alt går som det skal. Vi veit meir om det måndag, seier Aase.

Han kjenner ikkje til at det har vore såpass store skadar i seinare tid i fylket.

– Nei, eg kan ikkje komme på at ein har hatt eit slikt omfang, seier Aase.