Hopp til innhold

– Det har vore ei tøff og lang natt

Dei er til sjekk for røykskadar. I heile natt har brannmannskapet kjempa mot flammane i Lærdal.

Intervju med redningsmann_1

– No er eg trøytt og sliten. Det har vore ei tøff, lang natt, men det er ikkje eg som har det verst., seier brannsjef i Årdal og Lærdal, Gaute Johnsgaard.

For han var det tøft å kome til staden og sjå branninfernoet.

– Vi prøvde å lage ein fornuftig strategi for korleis vi skulle klare å løyse dette, men vinden jobba i mot oss heile tida, seier Johnsgaard.

Vinden skifta stadig retning og det var vanskeleg for brannmannskapet å sjå føre seg kor brannen skulle spreie seg.

– Til tider spreidde brannen seg til alle retningar.

Verst tenkeleg tilfelle

No er dei til sjekk for røykskadar og sit med oksygenmasker. Sjølv om dei gjorde alt for å unngå å få i seg røyk, var det ikkje til å unngå.

– Eg merkar at eg er tørr i halsen og fekk beskjed om at vi burde sjekke oss, seier Johnsgaard.

Han skildrar scenarioet som møtte dei som noko frå ei risikoanalyse der ein ser føre seg det verst tenkelege tilfellet. Men ein trur jo ikkje at det skal skje, legg han til.

– No skjedde det. Tette trehus og kraftig vind og kuldegrader, så er det vanskeleg å sløkkje brann, fortel han.

No må dei prøve å planlegge korleis dei skal få ettersløkt brannen.

Brannmannskapet tok i bruk alle midlar i kampen mot flammane.

Høyr brannmannen fortelje om dramaet i Lærdal:

Intervju med redningsmann_2