Hopp til innhold

Vinden har stilna, men det brenn framleis

Nær 30 er totalskadde i brannen på Lærdalsøyri. Den kraftige vinden har no løya, men fleire hus står framleis i fyr.

– Det totale talet på skadde hus i samband med brannen har vi førebels ikkje oversikt over, seier operasjonsleiar hjå politiet, Odd Arve Solvåg.

Men så langt har redningsmannskapa talt 15 bustadar og fem næringsbygg som er heilt nedbrent.

Sjølv om vinden har løya, brenn det framleis fleire plassar på Lærdalsøyri.

Brannen starta i eit bustadhus like før klokka 23 laurdag kveld og spreidde seg.

Fleire bygningar totalskadde

Ifølgje ei pressemelding frå Lærdal kommune var det klokka 07.00 minimum 23 bygningar som var brunne ned og totalskadd.

16 av desse skal vere bustadhus. Resten er industribygg og to forsamlingshus, samt fleire feriebustader. Ordførar Jan Geir Solheim, skriv at det i tillegg er fleire andre hus med mindre brannskadar.

Minst tre bygningar i verneområdet på Lærdalsøyri er nedbrent. Eit av desse husa hadde status som freda.

(Artikkelen held fram under videoen)

Brann i Lærdal

SJÅ VIDEO: Brann herjar på Lærdalsøyri.

52 innlagt på sjukehus

Rundt 300 personar har vore på Lærdal Sjukehus til vurdering i løpet av natta. 52 har vore innlagt eller sendt vidare til andre sjukehus.

Straumen her også vekke frå Lærdalsøyri på grunn av brannen og det er uvisst når den kan komme tilbake. Mobile mobilstasjonar er på veg inn til Lærdal. Mobilnettet har vore nede store delar av natta og gjort det utfordrande for både folk og hjelpemannskap.

Det er førebels uvisst når mobilnettet er tilbake. Sjølv om vinden har stilna og brannen vart meldt stabil kl 06.30, er faren framleis stor for at den blussar opp att.

Kriseteamet til kommunen er til stades på ungdomshuset på Tønjum-Tinghall frå klokka 11.

(Artikkelen held fram under videoen)

Storbrann i Lærdal

Alt av mannskap som har vore tilgjengeleg har vore på plass i Lærdal denne natta og morgonen. Kommunen melder om over 100 innsatspersonell som har vore i sving.

Dei har fått assistanse frå brannskap og politi frå Bergen og Voss, Gjøvik og Fagernes i aust. I tillegg til fleire av nabokommunane i Sogn.

Ein uverkeleg situasjon

Som evakuert innbyggjar, varaordførar og overlege i Lærdal, seier Geir Berge Øverland at det heile er ein heilt uverkeleg situasjon.

– Det er ei katastrofe. For dei som er der er det eit inferno. Det er flammar og røyk overalt og kraftig vind som gjer situasjonen svært vanskeleg, fortel varaordførar og overlege i Lærdal Geir Berge Øverland.

Lærdal sin varaordførar seier det er den kraftige austavinden som har gjort at katastrofen er som den er.

(Artikkelen held fram under biletet)

brann Lærdal

TOTALSKADD: Fleire hus er heilt nedbrent etter brannen som herja i Lærdal.

Foto: NRK-tipsar

Verkar umogleg å sløkkje brannen

– Det er heilt umogleg å få sløkt brannen. Eg har snakka med brannfolka som har vore til stades frå første stund, og sjølv om det er køyrt ut med alt tilgjengeleg personell, så er det ikkje mogleg å sløkkje brannen.

Huset hans er også evakuert. Det er ikkje brent ned, men heile familien er evakuert.

(Artikkelen held fram under videoen)

Storbrann i Lærdal, intervju med varaordførar Geir Berge Øverland.

SJÅ INTERVJU: Varaordførar Geir Berge Øverland.

– Det er heilt uverkeleg. Eg har sjølv gått nede på øyri blant flammane og vore med å sløkt, og eg må seie at for meg er det ein heilt uverkeleg katastrofesituasjon. Eg hadde ikkje førestilt meg at det kunne bli sånn, seier Berge Øverland.

Sjølv blei han varsla av svigerdottera. Ho hadde sett flammane frå vindauget, og då Berge Øverland vart merksam på dette reiste han straks av garde.

Tek imot dei med røykskadar

No tek han imot folk på Lærdal sjukehus. Her kjem folk som er evakuert frå brannen.

– Her har vi heilt frå starten av hatt mottak, frå dei første med røykskadar kom inn, og etter at vi starta evakueringa så har vi hatt sorteringssentral i kafeteria i underetasjen.