Hopp til innhold

Freda hus brann ned til grunnen

Det var huset som var kalla Sønneva Eris hus, eit freda bygg i Lærdal, som brann ned til grunnen i brannen i Lærdal natt til søndag.

Sønneva Eri-huset i Lærdal

HALVVALMA TAK: Det idylliske huset vart ofte kalla for 'Husfred'.

Foto: Jens Hauge / © Lærdal lokalhistoriske arkiv

– Den delen av øyra er sterkt øydelagt, samt at eit freda hus frå 1840-åra i bergensk seinempir er totalskadd, seier riksantikvar Jørn Holme.

Huset låg eit stykke aust i Øyragata, var to etasjar høgt og bygd om kring 1840.

Huset vart bygd av bakar Ingebrigt Ingebrigtsen, og husa også telegrafstasjonen då lina Oslo-Bergen vart bygd om Lærdal i 1858.

Riksantikvaren legg til at trehusbebyggelsen i Lærdalsøyri er bland dei aller viktigaste trehusmiljøa i Norge, på linje med byar som Røros, Bergen og Gamle Stavanger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Full fyr

BRANN NED: Nær 30 bygningar gjekk med i brannen natt til søndag. Eitt av dei var eit freda hus frå 1840.

Foto: Odd Helge Brugrand

Vart sjokkert

Holme legg ikkje skjul på at han tek nyheitene om brannen i Lærdal tungt.

– Då Dagsrevyen ringde med 07.45 søndag, så fekk eg eit lite sjokk. Vi har vore uroa for tryggleiken til våre tette trehusmiljø i lengre tid. På Lærdalsøyri har vi hatt eit spesielt fokus, seier riksantikvar Jørn Holme.

Det har vore sett i gang tiltak i den eldste delen av Lærdalsøyri, og denne er førebels ikkje rørt av brannen.

– Det som har skjedd no i Lærdal er ei tragedie for alle som har mista heimane sine og alt dei eig, samt dei som har vorte skadde. Det kjem i første rekkje, så får vi gråte våre tårer over antikvariske verdiar som har gått tapt i andre rekkje, seier Holme.