Hopp til innhold

Knut fekk ein slitsam heimtur

Knut Vebjørnsen skulle eigentleg ta fly til Førde. I morgontimane kom han med ekspressbussen frå Oslo.

Buss

Illustrasjonsfoto

Foto: NRK

- Det er slitsamt. Det har vore full buss heile tida, så det har vel kanskje blitt ein time søvn, fortel ein godt trøytt Vebjørnsen når han går av bussen i Førde.

  • Har du sett oske frå Island? Send bilete til 1987 eller på e-post .

På reis i 19 timar

Vebjørnsen var i Tvedestrand og skulle eigentleg med fly frå Kristiansand til Førde. I staden vart det buss heile vegen - via Oslo. I Førde gjekk det av 40 passasjerar - ei dobling i høve normalt.

- Eg har sitte på buss sidan klokka 12 i går. Først til Oslo, og lang venting der, og så nattbussen hit, fortel han og ser fram til å treffe hovudputa heime i Førde.

- Firedobling

Over 40 bussar skulle frå hovudstaden til Vestlandet i løpet av gårsdagen og natta. Med stengde flyplassar grunna oskeskya etter vulkanutbrotet på Island , har flypassasjerane måtte finne alternative reisemåtar. Det betyr kollektivtrafikk på bakken.

- Vi merkar stor pågang. Vi har nok ei firedobling på enkelte avgangar, men sånn i snitt er det vel snakk om dobling og tredobling, fortel trafikksjef Stian Hårklau ved Firda Billag.

Frå byane

Spesielt stor er pågangen frå byane Trondheim, Bergen og Oslo til Førde.

- Den som kom frå Trondheim i natt, så måtte vi ha fire bussar vidare frå Førde til Bergen, fortel Hårklau.

Avinor og Luftfartstilsynet vurderer no situasjonen, flya blir truleg ståande på bakken også i dag . Luftrommet kan bli stengt i fleire dagar.

Må planlegge

Hårklau seier busselskapet no vil sette seg ned for å legge planer for korleis dei skal handtere situasjonen.

- I dag er vi litt betre budd. Vi sende doble avgangar i går som vi er klar til å køyre opp att mot Førde i dag. Slik det er nok, så skal vi klare det. Vi må sette oss ned og planlegge litt i dag dersom dette skulle bli langvarig, seier Hårklau.