Hopp til innhold

Flytrafikken lamma av oskeskyer

Flytrafikken til og frå fylket er no lamma på grunn av oskeskyer frå vulkanutbrotet på Island.

- Det har vore jamt trykk på telefonen sidan me opna klokka halv seks- Luftrommet er stengt på grunn av for mykje forureining oppe i lufta, seier lufthamnsjef, Kjell Otto Gjesdal ved Førde Lufthamn Bringeland.

Aldri opplevd noko slikt

Asken fra vulkanen Eyjafjallajökullen på Island

Oska frå vulkanen Eyjafjallajökullen på Island

Foto: AP

Avinor har stengt luftrommet over vestlandet og nordover til og med Finnmark. Også deler av austlandet er stengt. Grunnen er oskeskyer etter vulkanutbrotet på Island onsdag morgon. Ei elleve kilometer høg sky av oske stod opp under Eyjafjallajökullen. Skya sette straks kursen vestover, og nådde Noreg onsdag kveld .

Oske frå vulkanar kan øydeleggja turbinane i jetmotorar og i verste fall få motorane til å stoppa. Det gjer at ingen fly går til eller frå Sogn og Fjordane slik situasjonen er no.

- Eg har aldri opplevd noko slikt før, seier Gjesdal.

Veit ikkje når flya kan gå att

Edvard Tefte

Edvard Tefre, stasjonssjef på Bringeland flyplass i Førde

Foto: Stian Sjursen / NRK

Flypassasjerane må ta kontakt med sine flyselskap eller reisebyrå for å høyra kva dei skal gjera. Førebels er det ikkje klart når flytrafikken kan byrja å gå att.

- Me lyt berre følgja dei tilrådingane som kjem frå Luftfartstilsynet og meteorologiske observasjonar som vert gjort, seier Gjesdal.

Også luftrom i Skotland og nordre deler av Sverige er stengd.