Dei fire damene frå Dale i Sunnfjord, var på veg for å bade i Den blå lagune, men kom ikkje lenger enn Flesland.
Fem-årsjubileum
I fem år har dei spreke damene bada to gonger i veka. Verken ver eller badetemperatur har stogga dei, og no skulle det bli jubileumsfeiring på Island der badevatnet skulle halde ein betrakteleg mykje høgare temperatur enn fjorden i Dale.
Men eventyret har førebels stoppa på Flesland. Der finst det ingen varme kjelder, men litt vulkanoske og svovellukt fungerer som ei gulrot for kva som kan vente på den oskelagde øya i vest.
– Vi står no her, og det kan jo hende flya går seinare, men det ser ikkje sånn ut enda. Opnar det i morgon, reiser vi. No må det no snart vera ganske klart og fint på Island sidan all oska bles hit. Det seier Nina Hovland, som er ein av damene i følget på fire.
Oske til fredag
Oskeskya frå Island dekker no store delar av luftrommet i Noreg, og så lenge ikkje vindretningen snur, blir det oske i luftrommet også i morgon.
LES OGSÅ: Askesky over Norge fram til fredag
I staden for bading i Den blå lagune altså, kan det sjå ut som dei fire jentene må ta til takke med ein handletur på Lagunen i Bergen.
– Ironisk nok, heiter reisebyrået vårt Vulkanreiser også, seier Hovland.
Damene frå Sunnfjord held motet oppe, og satsar på at flytrafikken skal opne att i morgon. Det går greit å vente her på Flesland, men det trasigaste er at forsikringsselskapa ikkje dekker tapet. Naturkatastrofer vert ikkje dekka.
Klokka ti vart det også klart at Avinor stenger luftrommet over Noreg. Det er usikkert kor lenge luftrommet vil vera stengt, men om lag 120.000 blir ramma av flystoppen i dag.
På dei tre flyplassane i Sogn og Fjordane, er det venta at rundt 900 personar vil bli råka.
LES MEIR OM OSKA:
Minst 120.000 rammes av flystans
Er aske fra vulkanen farlig?
Vulkanasken vil gi mer regn
SJÅ MEIR:
Glødande historie