Hopp til innhold

Meiner avisene må grunngje kvifor dei ikkje kan auke inntektene

Leiar i familie- og kulturkomiteen, Svein Harberg frå Høgre, kjøper ikkje utan vidare argumentet om at kutt i pressestøtta vil gje avisdød.

Svein Harberg (H)

VIL HA SVAR: Leiar i familie- og kulturkomiteen, Svein Harberg (H), meiner også avisene må sjå på alternative måtar å tene pengar på.

Foto: NRK

– Dei må iallfall grunngje kvifor det er slik. Då må dei også grunngje kvifor dei ikkje kan auke andre inntekter, eller drive på ein annan måte. Vi ser at dette kan vere vanskeleg for nokon, og det vil vi ta omsyn til, seier Harberg.

Men han legg til at det å varsle sin eigen død, er noko politikarane høyrer ganske ofte.

– Det syner seg ofte at det kanskje finst alternative løysingar, seier Harberg.

– Men kva alternative løysingar tenkjer du på?

– Mediebransjen er i ein rivande utvikling, og det er viktig at alle er aktive for å sjå på nye løysingar. Det kan vere digitalisering på forskjellige område og auka inntektsmoglegheiter. Alle dei tinga må ein sjå på, seier Harberg.

Får støtte sjølv om dei kunne klart seg med mindre

Regjeringa foreslår å kutte produksjonsstøtta for aviser som har mellom fire- og seks tusen i opplag. Firdaposten, Fjordingen og Fjordenes Tidende vil bli råka av kuttforslaget. Desse avisene får i år 430.000 kroner kvar i produksjonstilskot.

– Det som har vore uttalt over lang tur, er at vi vil redusere pressestøtta totalt, og vi vil sjå på nye innretningar. Poenget med pressestøtta er å gjere det mogleg for einskilde aviser å drive, som elles ikkje kan greie seg, seier Harberg.

Han legg til at ein no ser at det er ein god del av pressestøtta som går til aviser som kunne klart seg med mindre støtte.

– Departementet har laga ei skisse til korleis dette kan gjerast. Men det er ein grunn til at vi har ting på høyring. Det er der vi skal få tilbakemeldingar på om dette rammar urimeleg, eller om det er gode argument for å gjere det annleis, seier Harberg.

Han legg til at politikarane heile tida må snu på kvar krone, og det må også dei som får tilskot, gjere.

– Vi vil utfordre mediebransjen på det, og så skal vi ha ein grundig debatt i stortinget og sjå kva vi landar på, seier Harberg.

Har store utfordringar i offentleg sektor

Regjeringa legg opp til at dei kan spare 13 millionar kroner på å kutte pressestøtta for aviser mellom 4000 og 6000 i opplag.

– Kva skal de bruke dei på?

– Det finst det ei lang liste på. Men det som er tilfelle, er at vi i den perioden som ligg framfor oss, har store kostnadar for det offentlege. Vi må sjå korleis vi brukar pengane, og korleis det treffer, seier Harberg.

Han peikar på at det ikkje berre er dei små avisene dei ønskjer å gjere grep med.

– Vi påpeikar også at dei større avisene som får støtte, kanskje ikkje skal få fullt så mykje. Det må iallfall stå i forhold til det dei har av kostnadar. Dei skal ikkje leve på statsstøtte, seier Harberg.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Regjeringa vil kutta i pressestøtta - og dei mindre avisene fryktar for framtida.
Satsing på digitale medier gjer at mange har store kostnader frå før.

Meiner mangfald er viktig

Han legg til at regjeringa ikkje tykkjer det er ei offentleg oppgåve å drive aviser.

– Vi skal leggje til rette for eit mangfald, seier Harberg.

– Kor viktig er det for denne regjeringa at det er eit mangfald, og små aviser i grisgrendte strøk?

– Det er viktig for oss, og det har vi vore tydelege på. Den løysinga vi landar på, må vareta ei viss spreiing. Men det er ikkje sagt at det skal vere etter same modell som i dag, seier Harberg.

Han peikar på at ein kanskje kan samarbeide meir om både trykking av aviser og sjølve innhaldet.

Høyringsfristen er sett til 13. januar 2014.

Er inne i ei krevjande tid

For lokalavisa Fjordingen i Stryn vil eit kutt i pressestøtta få store konsekvensar.

– For oss betyr det at i overkant av 400.000 kroner vil forsvinne frå våre inntekter. Det er eit viktig fundament for ei avis som vår, seier redaktør Bengt Flaten i Fjordingen.

Han vil ikkje seie det så sterkt som at pressestøtta er eit vere eller ikkje vere for avisa, men understrekar at det er viktig.

– Eg vil ikkje seie det så dramatisk, iallfall ikkje no. Vi har tent meir enn 400.000 kroner i løpet av dei siste åra. Men vi, som resten av bransjen, er inne i ei krevjande tid no, med store omstillingar frå papir til digitalt, og ein situasjon der annonseinntektene våre ikkje stig lenger, samt at vi har store kostnadar knytt til overgang til digitalt, seier Flaten.

Han legg til at pressestøtta er med på å gjere inntektene føreseielege.

Bengt Flaten

KRISTISK: Fjordingen-redaktør Bengt Flaten fryktar konsekvensane av eit kutt i pressestøtta.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Er alvorleg for lokaldemokratiet

Redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee, sa i dag til NRK at han fryktar kutt i pressestøtta på sikt kan føre til at aviser blir lagde ned.

Flaten er leiar i avisforeininga i Sogn og Fjordane, og han deler uroa til Vee for avisbransjen.

– Det er klart eg er uroa. Omstillinga til digitalt er ei ganske dramatisk sak. I tillegg til trussel om kutt av pressestøtte for aviser mellom 4000 og 6000 i opplag, så er det også snakk om å leggje moms på papirprodukta. I sum så vil dette vere dramatisk, seier Flaten.

Han trur også at det på få år kan føre til avisdød.

– Det er alvorleg med tanke på mediemangfald, som er berebjelken i lokaldemokratiet vårt. Vi må ha lokalaviser som kan ta opp viktige saker for mindre geografiske område, seier Flaten.

– Kvifor er det viktig?

– Eg tenkjer på regionen vi lever i, og er ein viktig aktør i. Vi skal vere ein marknadsplass for meiningsbryting for å få fram viktige saker som betyr noko for folk i vår region. Då er lokalavisa den beste og fremste til å gjere den jobben, seier Flaten.

Kan føre til dårlegare kvalitet

Fjordingen er del av storkonsernet Polaris Media, som går med nokre hundre millionar kroner i overskot, noko dei har gjort i fleire år.

– Treng ein eigentleg pressestøtte når ein tener så gode pengar?

– Det er eit godt spørsmål. Vi har også tent bra med pengar dei siste åra. Men situasjonen no er ikkje slik lenger. I år vil vi tene monaleg mindre pengar enn vi har gjort dei førre åra. Også neste år har vi budsjettert med ein ganske låg botnlinje, og det heng saman med utviklinga i bransjen, seier Flaten.

Også professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen, Helge Østbye, er uroa over utviklinga.

Helge Østbye

KVALITET: Professor Helge Østbye er redd eit kutt i pressestøtta fører til dårlegare kvalitet på journalistikken, og at færre saker vert laga.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

– Avisene har jo i utgangspunktet eit opplag som går ned. Ein del aviser har også minkande reklameinntekter, så ei fjerning av pressestøtta vil få alvorlege konsekvensar for einskilde aviser, seier Østbye.

Han legg til at dei avisene som er føreslegne kutta, stort sett er aviser som vil klare seg, men dei vil måtte klare seg med til dømes ei journaliststilling mindre.

– Det kan vere ganske viktig for kvalitet og mengd av saker som vert tekne opp. Det avheng av journalistisk arbeid, seier Østbye.

Kan bli pressa til å betale konsernbidrag

Men samtidig er fleire av desse avisene del av konsern som tenar gode pengar.

– Kor villige er desse mediekonserna til å få litt mindre forteneste frå dei små avisene, og slik halde liv i dei?

– Dei avisene som får pressestøtte, får ikkje lov til å betale overskot eller utbytte til sine eigarar. Det er kanskje ein av dei tinga som ytterlegare vil skade desse avisene, seier Østbye.

Altså, viss ei avis mister pressestøtta, så kan konsernet kanskje krevje at dei også skal betale konsernbidrag eller delar av overskotet.

– Dei vert kanskje pressa til å gi eit overskot som dei tidlegare ikkje har kunne betale, seier Østbye.

Overgangen til digital medieproduksjon i kombinasjon med moms på papir, ser Østbye på som store utfordringar.

– Det er eit alvorleg problem. Dette er aviser som er dei einaste som dekkjer sine område grundig, og viss dei må kutte ei journaliststilling, så betyr det noko for den nasjonale nyheitsdekkinga, seier Østbye.

Han trur ein del område vil bli dårlegare dekka journalistisk enn kva dei er no.

– Vi kan vel få avisdød, men eg trur dette er aviser som er relativt sterke. Men dei vil overleve som ei kvalitetsmessig dårlegare avis, seier Østbye.