Normal

- Kan verte kroken på døra for mange aviser

Pressestøtta vert kutta med 50 millionar i regjeringa sitt forslag til nytt statsbudsjett. – Dette kan få store konsekvensar, seier leiar i Norsk Journalistlag, Thomas Spence.

Aviser pressestøtte

Under valkampen varsla mange aviser at eit kutt i pressestøtta ville få store konsekvensar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Produksjonsstøtta til avisene vert 26 millionar kroner mindre til neste år enn den er i dag, om regjeringa får det som dei vil. Det er eit kutt på 50 millionar i forhold til det budsjettet den førre regjeringa la fram.

Thorhild Widvey

Kulturminister Thorhild Widvey (H).

Foto: Thomas Haugersveen, SMK

– Reduksjonen føl opp regjeringserklæringa. Dagens papirstøtteordning er direkte skadeleg for digitaliseringa, og mediestøtta skal verte plattformnøytral, sa kulturminister Thorhild Widvey under pressekonferansen etter budsjettframlegginga.

– Må bli meir uavhengig

Pressestøtta og mediepolitikken fekk mykje merksemd under valet. Dei to regjeringspartia har begge flagga store kutt i pressestøtta i sine partiprogram. Høgre ville kutte den med 100 millionar, medan Frp gjekk inn for 180 millionar mindre til avisene med produksjonsstøtte.

– Vi ynskjer ei meir uavhengig presse, og meiner ei sterk avhengnad av statleg stønad er konserverande, seier Widvey.

Ho understrekar samstundes at det vil vere mogleg for somme aviser å få overgangsstønad på vegen mot meir digitalisering.

– Kan føre til avisdød

– Dette er eit overraskande stort kutt som kan få store konsekvensar, seier leiar i

Thomas Spence

Leiar i Norsk Journalistlag, Thomas Spence, er redd pressestøttekutta vil føre til avisdød.

Foto: NRK

Norsk Journalistlag, Thomas Spence.

Han seier konsekvensane vil avhenge av kvar kutta vil komme, om det vert lokalavisene eller dei riksdekkjande meiningsberande avisene.

– Dette er like mykje demokratistøtte som pressestøtte, og med slike kutt kan det føre til avisdød og kroken på døra for fleire aviser. I dagens pressekonkurranse vil det ikkje vere mogleg for dei å gjenoppstå, og regjeringa bør bygge bru og utvikle støtta, ikkje komme med kutt, seie han.

– Vert tøft

To av avisene som står i fare for å få redusert den direkte støtta frå staten er Dagsavisen og Vårt Land. Begge er eigd av Mentor Media, og administrerande direktør og fungerende sjefredaktør i Dagsavisen, Eirik Hoff Lysholm, seier til Kampanje.com at dei må førebu seg på tøffare tider.

– Vi ser at for våre to aviser vil dette bety eit økonomisk tap på 7,5 millionar neste år. Det vert svært tøft i ein allereie tøff situasjon.

Lysholm seier dei var budd på at kutt kunne kome, men trur mange aviser vil få det tøft framover.

– Det er eit stort kutt å ta på ein gong, og vil kunne vere dramatisk for nokre, seier han.

Håpar på sentrumssamarbeid

Spence håpar sentrumspartia vil ta grep.

– Eg håpar særleg KrF vil stå ved tidlegare verdistandpunkt og ikkje la Frp sin statsskrekk vinne fram. Dette er snakk om små kroner i statsbudsjettet som har mykje å seie for mediedebatten og kven som får komme til orde, seier Spence.

Og kulturpolitisk talsmann for KrF, Geir Jørgen Bekkevold, seier partiet skal jobbe med å få redusert dei føreslegne kutta.

– Her kuttar dei ikkje berre tillegget i det budsjettet frå førre regjering, men enda meir. Det har gitt oss noko å jobbe med på stortinget framover. Ein rik flora av aviser har alltid vore ei viktig sak for KrF, seier han.

I Venstre sitt forslag til statsbudsjett, som dei la fram torsdag, foreslår dei å behalde pressestøtta på same nivå som i år. Det tolkar Bekkevold som ein samarbeidsinvitasjon.

– Vi vart gledeleg overraska då vi såg at Venstre har gått vekk ifrå å kutte, og sett til oss. Eit kutt på 50 millionar er mykje, og vi skal gå inn i dette og håpar vi kan få til noko saman med Venstre, seier han.

I den førre regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, var produksjonsstøtta til pressa på 331,8 millionar kroner. I dagens revidering frå regjeringa, er same post 50 millionar mindre. I tillegg er dei 6 millionane dei raudgrøne føreslo til kvalitetsjournalistikk, fjerna i Solberg-regjeringa sitt budsjett.

Kulturministeren sa tidlegare denne veka at ho vil gå inn for ei redusert pressestøtte, og å innføre lik og lav moms på papir- og nettaviser.

– Frå kulturløft til kulturkutt

Og reaksjonane frå opposisjonen let ikkje vente på seg.

– Dette er å gå frå kulturløft til kulturkutt, og eg fryktar at kultursektoren vil måtte tole kraftige kutt framover, seier i SV, Bård Vegar Solhjell.

Han dreg fram kutt i mediestøtta som noko av det mest dramatiske.

– Eg trur dette kan føre til at nokre aviser må legge inn årene allereie neste år, seier han.

Han er overraska over at kulturbudsjettet er så mykje mindre enn det regjeringa hans foreslo.

– Widvey sa tidlegare at storleiken på budsjettet var grei. Det verkar som regjeringa no brukar kulturkronene til å finansiere skattekutta, seier Solhjell.

– Alvorleg for lokalavisene

– At produksjonstilskotet blir redusert så kraftig når ein treng det som mest for å lukkast med omstillinga til den digitale marknaden er svært skuffande, seier generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, Rune Hetland.

Han meiner kutt i støtta til dei små lokalavisene, vil vere alvorleg.

– Lokalavisene er viktigare enn nokon gong. Økonomien i media har ført til at regionavisene trekkjer seg inn mot kjerneområda sine og dei små lokalavisene er i praksis den einaste fellesarenaen i sine lokalsamfunna for informasjon, eit kritisk blikk på aktuelle saker, debatt og ikkje minst synleggjering av lokal kultur og organisasjonsliv, seier Hetland.

– Eit vonbrot

NRK må òg klare seg med mindre pengar. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen var ikkje nøgd med dei raudgrøne sitt forslag om å auke kringkastingsavgifta med 60 kroner frå i år, og bad om 90. No må han klare seg med 45, og det vil sei at Eriksen får 150 millionar mindre å rutte med, enn han hadde håpa på.

– Dette forslaget er eit vonbrot. Det vert vanskeleg å planlegge lengre prosessar når

Thor Gjermund Eriksen

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen er skuffa over budsjettet kulturministeren har gitt han.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

budsjetta hoppar opp og ned frå eit år til eit anna. Det er spesielt skuffande fordi vi er inne i det viktigaste året for digitalisering av radioen. Vi skulle gjerne hatt meir pengar no for å sikre ein god overgang frå analog til DAB-radio, seier Eriksen.

Kan måtte kutte stillingar

No er han redd han må kutte fleire stillingar.

– Vi har allereie varsla ei at det vil forsvinne om lag 100 stillingar gjennom naturleg avgang neste år, no må me vurdere tempo og mengda på ny. Vår oppgåve må vere å i størst mogleg grad halde oppe tilbodet til publikum, seier han.

Kringkastingssjefen kan ikkje sei noko om korleis ei eventuell nedbemanning vil vere, eller kva andre kutt som kan verte aktuelle.

– Vi fekk jo nett vete dette, og skal jobbe med vårt budsjett fram til nyttår. Men vi må òg tenke lenger og sikre NRK sin posisjon på best mogleg måte i eit langsiktig perspektiv. Budsjettet skal handsamast i Stortinget, og det skapar både håp og uvisse at ei mindretalsregjering har lagt fram budsjettet, så vi veit enda ikkje resultatet. Men vi er førebudde på at det kan verte slik det no er føreslått, seier han.

– Ny retning

Det samla kulturbudsjettet får ei auke på 609 millionar i forhold til 2013-budsjettet. Det er 165 millionar mindre enn det dei raudgrøne foreslo.

– Regjeringa vil gje norsk kulturpolitikk ei ny retning ved å stimulere til vekst og idéskaping nedanfrå, målet er høgare kvalitet og auka merksemd til innhald frå aktørane sjølve, skriv kulturministeren i ei pressemelding.

Kulturstrøm

  • Øker støtten til Kortfilmfestivalen

    Grimstad kommunestyre har vedtatt å øke tilskuddet til Kortfilmfestivalen med 150 000 kroner, og bidrar dermed med over 1,1 million kroner neste år, skriver Agderposten. Grunnen er at Norsk filminstitutt har kuttet støtten med 600 000 kroner.