Hopp til innhold

Jublar for moglege nye flyruter til Florø

Men flyplassjefen på Florø lufthamn har ikkje høyrt noko frå selskapet som vil starte den nye ruta mellom Oslo, Florø og Bergen.

Frank Willy Djuvik

FORNØGD: Frp-politikar Frank Willy Djuvik trur det vil betre prisane og tilbodet for flypassasjerane om FlyViking set i gang fleire ruter mellom Oslo, Florø og Bergen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ola Giæver har fått lisensane han treng for å få flya i selskapet FlyViking på vengene, og ta opp konkurransen med sin tidlegare arbeidsgivar Widerøe.

I ei liste han delte på Facebook nemner han fleire ruter han ynskjer å starte opp. Blant anna ei rute mellom Oslo, Florø og Bergen.

– Eg tykkjer det er fantastisk at ein gründer som Ola Giæver vil utfordre Widerøe sitt monopol på kortbanenettet i Norge, og spesielt glad for at han vil opprette rute her i Florø, seier Frank Willy Djuvik.

Florø lufthamn

HIT VIL GIÆVER FLY: Kanskje vil FlyViking sine fly frakte passasjerar frå Flora lufthamn. Det er enno uvisst om og når dei nye rutene til Ola Giæver sine fly vil starte.

Foto: Birger Meland / NRK

Giæver vil tene pengar

Dei første rutene Ola Giæver frå Lyngen i Troms set i gang i slutten av mars er mellom Tromsø-Hammerfest og Tromsø-Svolvær.

Ola OK Giæver trur det er pengar å hente på ei rute mellom Oslo, Florø og Bergen for FlyViking.

– Planen med den ruta er å tene pengar. Det kan du helse alle i Sogn og Fjordane å seie. Og å få prisane ned, seier Giæver til NRK.

Ikkje alle rutene som var på bildet han delte på nett vil komme, seier Giæver. Han kan heller ikkje gi eit tidsperspektiv på når rutene vil vere i gang.

– Men eg kan garantere at Florø-ruta blir etablert, seier han.

Men nokre ting på må plass før Giæver sine fly får lande i Florø.

Ola Giæver

FLYVIKING: Ola Giæver har kjempa lenge for å starte sitt eige flyselskap. Etter planen byrjar dei første flygningane 27.mars. Det er uvisst når ruta han ynskjer til Florø eventuelt vil starte opp.

Foto: Jurij Linkevitsj

Lufthamnsjef: – Dette var nytt for meg

Siv Merete Stadheim styrer skuta på Florø lufthamn. Før ho såg bildet som Ola Giæver

Siv Merete Stadheim

LUFTHAMNSJEF: Siv Merete Stadheim har ikkje høyrt noko frå selskapet FlyViking om nye ruter mellom Florø, Oslo og Bergen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

delte på internett hadde ho ikkje høyrt om den nye ruta som kan komme.

– Eg veit ingenting om det, men eg såg ruteplanane han la ut, seier Stadheim.

I dag er det berre Widerøe som flyr passasjerfly på lufthamna i Florø. Det er fritt fram for nye selskap å opprette ruter, men først må dei avtale med Avinor som eig lufthamna.

– Det er vanleg å ta kontakt med flyplassen om det i god tid, fortel flyplassjefen.

Før ei ny rute kan settast i gang må det gjerast ein del planlegging i høve til brann og redning, handling og sikkerheit fortel Stadheim.

– Så det blir nok ikkje nye ruter i morgon. Men vi ynskjer alle flyselskap som ynskjer å fly til Florø velkomne.

Også leiar for Flora industri- og næringsforeining har is i magen.

– Eg tykkjer det er gledelege nyheiter. Men det er for så vidt ikkje noko nytt, vi har høyrt snakk om det ei stund utan at noko har skjedd i praksis. Men no når han har lagt det ut så kanskje det er litt nærare realitet, seier Bjørn Hollevik.