Hopp til innhold

Einebustadar isolert – jobbar på spreng mot vassmassane

BREIM (NRK): Kjell Risholm vakna av at elva hadde tatt veg gjennom hagen hans. Situasjonen er dramatisk i Nordfjord.

Stengte veier, evakuerte boliger og store vannmasser. Det er flom på Breim i Sogn og fjordane.

Vatnet har tatt nye vegar fleire stadar i Nordfjord. Her har elva gått gjennom ein hage på Breim i Nordfjord.

– Eg hadde slått av hovudstraumen på huset fordi det tora og lynte så enormt, og då eg såg ut glaset såg eg at elva gjekk rundt huset. Det rulla stein og vatnet heldt på å tømme garasjen. Bilane er også flytta rundt på. Det er eit nytt landskap rundt hos her no, og den fine hagen har nok slått følge med elva nedover, seier Kjell Risholm som vart evakuert i dag tidleg.

Evakuert, kvile, breim

EVAKUERT: Denne einebustaden vart evakuert.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Ved 06.30 tida måndag morgon vart to personar redda ut av ein einebustad ved Kvila på Breim i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Årsaka var at eit kraftig regnvêr natt til måndag hadde fått ei elv til å gå over sine breidder og den gjekk gjennom huset hans, men utover morgonen har situasjonen forverra seg.

Det er så langt berre meldt om materielle skadar og ingen personar skal vera skadd.

​​

Eit kraftig regnvêr natt til måndag hadde fått ei elv i Breim til å gå over sine breidder. Det er så langt berre meldt om materielle skadar og ingen personar skal vera skadd.

Sjå flaumen sine herjingar på Breim.

– Vi har ikkje kontroll

Fleire stadar i området har det kraftige regnvêret gjort at vatn renn inn husa og fleire vegar er stengt. Naudetatane og frivillige jobbar på spreng, i tillegg er 12 personar kallar ut frå Sivilforsvaret.

– Vi har ikkje heilt kontroll. Fleire hus er evakuert og vi håpar det roar seg snart. Det er ville tilstandar. Elva går rett i huset og kjellaren er full i vatn. Det er fleire som har kjellaren full i vatn, seier Joar Flølo i brannvesenet i Gloppen kommune.

Flaum Breim

ELVER OVER ALT: På Breim kjempar innbyggjarane med å berge husa sine mot dei kraftige vassmassane.

Foto: Runar Sandnes

NRK har snakka med fleire som bur i området og dei skildrar situasjonen som dramatisk. Dei har kjempa mot vassmassane i fleire timar.

– Det er heilt forferdeleg. Det renn alle plassar og det er ikkje så mykje vi får gjort før det har roa seg. Vi prøver å leia vatnet på andre vegar, men det er ikkje lett. Det skjedde så fort, i løpet av ein halvtime flauma det plutseleg over alle plassar, seier Sonja Stårheim.

Fleire vegar er stengt. Blant desse er E39 Fløtre i Gloppen. Det same gjeldt Fv. 692 i Gloppen, Fv. 60 Utviksfjellet og Fv. 725 mellom Utvik og Moldreim.

– Det som har møtt meg langs vegen her er folk som kjempar mot vassmassane for å berga husa sine frå flaumen, seier reporter Stian Sjursen Takle, som er ved Kvile på Breim.

– Det har kome fleire kraftige regnbyer og torevêr i Nordfjord i løpet av natta og det ser ut til at det vil halda fram utover dagen. Det ser ut til at det kan minke mot kvelden, seier statsmetereolog Haldis Berge.

Flaum på Breim
Veg øydelagt Breim

Øydelagt veg ved Breim.

Foto: nrk.no-tipsar

Flaum, Breim

STENGT: Store vassmengder fører til fleire stengde vegar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK