I Utvik sentrum har Storelva gått over alle breidder. Politiet og Stryn kommune arbeidar med å evakuere folk. Kafe Sjøatunet i Utvik er no samlingspunktet for befolkninga.
Fleire andre mindre elvar har også gått over sine breidder. På Bruland i Utvik har ein garasje blitt teken og tetta elva, noko som fører til at vassmengda har teke heilt nye retningar. Fleire hus i bygda er fylde av vatn.
SJÅ FLEIRE BILETE HER:
Mindre bygningar som naust og drivhus har blitt skylte på fjorden. Innbyggarane har ikkje straum eller vatn, delar av fylkesveg 60 har rast ut og større stykke med jordmassar i landbruksbygda har rast ut.
SJÅ VIDEO HER: Utvik i Sogn og Fjordane.
Det gjekk frå idyll til katastrofe
– I går hadde vi solskin og idyll, no er bygda eit katastrofeområde. Vegane er vekke, kraftstasjonen og røyrgata er teken. Byggvareforretninga og idrettsbana er borte. Elva har fått heilt nye leier, seier Per Inge Verlo som bur heilt ved osen av Storelva i Utvik sentrum.
No er første etasjen av huset hans fylt med vatn. Det er store skadar på både bustad og uthus.
– Vatnet står opp til taket i første etasjen i huset. Alt rundt er vekke, fortel han.
RASERT: – Det er eit katastrofeområde, seier Per Inge Verlo.
Foto: Stian Sjursen Takle / NRK– Naboen ringde i seks tida og sa vi måtte berge bilane. Vi klarte så vidt å få berga bilane og litt utstyr før det var umogeleg å kome fram, fortel han.
– Det er dramatisk. Vi var i gang med å restaurere huset. No trur eg det må rivast, fortel han.
Øydeleggingane er store. Sivilforsvaret har kalla ut seks personar frå Eid til å assistere folk i Utvik. Det kan bli fleire.
Også mindre elvar fløymer over
– Garasjen til naboen har blitt tatt av Brulandselva, to naust har reist på fjorden og eit drivhus. Vi fekk ut folk frå nabohuset. Det står enno, men det er rett ved elva. I kårbustaden har vi hatt 12 evakuerte turistar som har leigd to hytter ved fjorden, seier Wenche Bruland.
BRUA ER BORTE: Fylkesveg 60 er no stengt fordi elva har teke brua.
Foto: Tanja Selbervik Hage– Det ser ut som dommedag her, seier ho.
LES OGSÅ:
Storelva i sentrum og mindre elver i bygda har gått over sine breidder og tatt nytt elveløp over markane og gjennom gardstun.
– Det har kome fleire kraftige regnbyer og torevêr i Nordfjord i løpet av natta og det ser ut til at det vil halda fram utover dagen. Det ser ut til at det kan minke mot kvelden, seier statsmetereolog Haldis Berge.